Medan millionar av ukrainarar mistar straum, vatn og varme grunna russisk terrorbombing og folk mistar varmtvatn i dusjen i europeiske land. Så sler Stortinget til med å endre namnet kakemenn til kakepersoner eller kakehøner, slik ein har importert et engelske ordet høne til norsk språk – hen, skriv informatikar Knut Yrvin på Facebook-sida si.
Han viser vidare til fattigdom, matkø og råvaremangel:
– Fattigdommen i Noreg aukar kraftig grunna inflasjon og feilslått energipolitikk i europeiske land. Matkøane til Frelsesarmeen er dobla i lengd. Matsentralen som delar ut 11 millionar måltid meiner behovet er det dobbelte.
– Fattige har knapt nok råd til høge straumprisar. Inflasjonen trugar. Kulda set inn. Matkøane aukar.
– Kva gjer Stortinget? I kampen for å hate menn som er så populært blant postmodernistar. Så har særleg litteraturvitarar og andre som trur språk er verklegheita framfor vitskaplege fakta. Dei som trur språk er verklegheita og fornektar vitskap og objektive fakta som tyngdekrafta, biologiske kjønn og at mennesker eigentleg er atom og tomrom.
– Aktivistar som hatar menn har blitt så skuffa over at kakersom liknar på menn vert kalla kakemenn. Så har dei fått støtte på Stortinget for sitt hat mot arbeidsmenn, at dei har lukkast. No skal det heite kakehøner eller kakepersonar etter det engelske ordet hen som betyr høne på norsk.
Med til historia høyrer at kultur- og likestillingsministar Anette Trettebergstuen støttar grepet frå stortingsrestauranten.