Uniform på jobben-dagen: – Akkurat no er det viktigare enn nokon gang å synleggjere Heimevernet


Tysdag 6. desember kan du møte soldatar i uniform som arbeidar på butikken, bussen, skule, ordførarkontoret eller hjå tannlegen. Du finn mennesker i alle yrkesgrupper som også er soldatar i Heimevernet.

Akkurat no er det viktigare enn nokon gang å synleggjere Heimevernet som militær avdeling klar til å bistå i fred, krise og krig opplyser prosjektleiar Siv Iren Brænd i Heimevernet om i pressemelding.

Føremålet med Uniform på jobben-dagen er å vise fram soldatar over heile landet og i yrkesgrupper ein kanskje ikkje forbind med Forsvaret, samt vise at Forsvaret gjennom Heimevernet framleis er landsdekkande og har eit relativt stort volum med soldatar med geografisk spreiing.

Generalmajor Elisabeth Michelsen, sjef HV, seier at situasjonen i Europa viser oss at det viktigare enn nokon gang å ha eit sterkt og synleg heimevern. På kort varsel stiller Heimevernet opp når Forsvaret og det sivile samfunnet treng det.

Heimevernet skal fungere som ein hurtigmobiliseringsstyrke og består av om lag 40 000 soldatar fordelt på dei tre styrkane innsats-, forsterking- og oppfølgingsstyrke.