Dokumentar «Died Suddenly»: blodpropp og covid-19 vaksiner


Filmskapar Stew Peters lanserte dokumentaren «Died Suddenly»  måndag 21. november på Rumble. I løpet av få dagar hadde den over 10 millionar visningar.

Gjennom dokumentaren får ein sjå obduksjonsteknikkarar hovudsakleg frå USA som viser proppar i blodårene til nyleg avlidne som var vaksinerte med ein eksperimentell cocktail koronavaksine.

Millionar mennesker over heile verda angrar i dag på at dei tok vaksina som seinare skulle vise seg å gi svært alvorlege biverknader. Dei som skulle hjelpe vart i staden dei som øydelagte menneskekroppen.

Regjeringar i fleire land pressa i 2020 og 2021 store delar av befolkninga til å ta covid-19 vaksine gjennom innføring av såkalt «koronasertifikat» for å kunne reise, handle matvarer i butikken, eller delta på sosiale arrangement.

I dokumentaren får ein sjå korleis vaksina forureinar blodet slik at det dannar klumpar. Dei som utfører obduksjon av avlidne dreg ut lange trådar frå blodårene og forklarer at vaksinert blod hadde ein sandaktig konsistens.

Legemiddelverket: – AstraZeneca og Janssen

Grafen har spurt Legemiddelverket som er underlagt Helse- og omsorgsdepartementet om det er gjort tilsvarande funn i Noreg, og om vaksinen kan lage slike proppar som dokumentarfilmen hevdar.

Overlege Sigurd Hortemo stadfestar at blodproppar er tilfelle. Han seier til Grafen at virusvektorvaksinene frå AstraZeneca (Vaxzevria) og Janssen (JCovden) har forårsaka blodproppar som ikkje liknar på vanlege blodproppar.

Han seier det er eit nytt sjukdomsbilete kalla VITT (vaksineindusert trombotisk trombocytopeni) eller TTS (trombose med trombocytopeni-syndrom).

Det er kort fortalt eit alvorleg sjukdomsbilete med blodproppar og lågt tal blodplater.

I følgje Hortemo vert ikkje desse vaksinene brukt i Noreg lenger.

Det vert likevel meldt inn alvorlege biverknader til vaksinene frå Pfizer og Moderna, som kraftige menstruasjonsblødningar. Det eksisterer i dag ikkje noko behandling for det.

Vaksinene AstraZeneca og Janssen er imidlertid brukt i USA der dokumentarfilmen er produsert.