Voldgiftsretten i Stockholm: Finske Gasum må betale 300 millionar euro til Gazprom


Voldgiftsretten i Stockholm påla torsdag det finske statlege selskapet Gasum å betale den russiske energigiganten Gazprom gjeld på 300 millonar euro for gassforsyningar. 

Årsaka er manglande oppfyllelse av take-or-pay forpliktelsen. I tillegg må det finske selskapet betale renter for sein betaling.

Voldgiftsretten erklærte også at dekretet som den russiske presidenten innførte tidlegare i år om betaling for gass i russisk rubel er å renke som eit force majeure i henhald til deira avtale.

Det finske statlege energiselskapet opplyste om at dei ikkje er forplikta til å betale i russisk rubel for levering av gass i henhold til ein kjennelse i voldgiftsretten.

Det var i mai at Gazprom suspenderte forsyninga av gass til Finland på grunn av manglande betaling for april som følgjde at Finland nekta betale for levering i rublar.

I 2021 leverte Gazprom 1,49 milliardar kubikkmeter gass til Finland, noko som utgjer om lag 2/3 av det totale gassforbruket.

I staden for gass gjennom røyr byrja Finnland kjøpe gass LNG frå anlegget i Cryogas-Vysotsk som er eigd av Novatek.

Vysotsk er ein by og hamn som ligg på det Karelske neset på austbreidda av Viborgbukta.