Den mektige kinesiske presidenten seier at regionen ikkje skal verte ein arena for maktkonkurranse.
Det var på toppmøtet for økonomisk samarbeid i Thailand at Kinas president, Xi Jinping, sa at Asia-Stillehavet ikkje lenger er nokon «bakgård», og oppmoda til større regionalt samarbeid om utvikling og tryggleik.
I følgje Xi vil eit kvart forsøkt på å forstyrre eller demontere industri- og forsyningskjedene som er danna i Asia-Stillehavsområdet gjennom fleire år berre føre regionens økonomiske samarbeid ut på ein blindveg.
– Det 21. hundreåret er Asia-Stillehavs-talet, vi medlemmar av denne regionen har komme langt i å forfølgje økonomisk utvikling, og vi kjem garantert til å skrive eit enno meir strålande kapittel i åra som kjem, sa Xi.
Den kinesiske presidenten la fram eit forslag på seks punkt: å styrke grunnlaget for fredeleg utvikling, menneskesentrert utviklingstilnærming, forfølgje større nivå av openheit, streve etter tilkoplingsmoglegheiter av høgare standard, byggje stabil og uhindra industri og forsyning, og fremje økonomisk utvikling.
Asia-Stillehavsregionen står for nærare 60 % av verdas befolkning og 50 % av den globale økonomiske produksjonen. Det er eit av dei raskast veksande delane av verda, og vert i dag sett på som knutepunkt for global handel.
I førre månad rapporterte S&P Global Market Intelligence at Asia-Stilliehavsregionen vil dominere i global vekst, medan Europa og USA mest sannsynleg vil møte resesjon.