Politibetjent Tor-Erik Themte vert etterforska for ulovleg ransaking


Spesialeininga for politisaker har oppretta sak mot politibetjent Tor-Erik Themte for ulovleg ransaking av ein mann i 40-åra.

Det er etterforskningsleiar Mona Skaaden Bjerke i Spesialeininga som opplyser om at dei vil undersøkje om det har skjedd noko straffbart.

Borgarting lagmannsrett avsa nyleg ein kjennelse om at bevisa som vart innhenta ved ransaking ikkje var lovlege, sidan ransakinga ikkje var klarert med politijurist.

Themte hadde først ransaka bilen til ein mann på leit etter narkotika. Då han ikkje fann noko, ransaka han heimen hans.

I konklusjonen skriv retten at ransakinga var uforholdsmessig, og at Themte ikkje hadde formell adgang til å gjennomføre den.

Retten skriv at ulovlegheita av beviset må sjåast i lys av systematiske brot på straffeprosessuelle skrankar hjå handhevande politimynde, som er begått ovanfor ei svak samfunnsgruppe, som offeret i saka høyrer til.

I interesseavveininga skreiv retten at rettstryggleiken veg tyngre enn omsynet til å oppklare ei lite alvorleg sak.