Thorbjørn Jagland: – Prinsipp og verdiar må vinne over det geopolitiske


«Det er ikkje lett å vere medlem av Arbeidarpartiet når eg ser den lunkne haldninga til regjeringa om Julian Assange si skjebne», skriv tidlegare statsminister og Europarådets generalsekretær Thorbjørn Jagland på Facebook-sida si.

Den australske journalisten og redaktøren Julian Assange har tilbrakt 10 år i britisk fangenskap og risikerer ytterlegare 175 års amerikansk fengsel for å ha publisert bevis for USAs krigsbrotsverk i Irak og Afghanistan. 

Jagland vil at regjeringa til Jonas Gahr Støre skal vere tydeleg mot USA og Storbritannia:

– I ti år arbeida eg for å styrke den europeiske menneskerettskonvensjonen som er under beskyttelse av den europeiske menneskerettsdomstolen, skriv han.

Amerikanarane vart sterkt opphissa over at vi kunne gjere noko slikt mot eit NATO-land, men prinsippa og verdiane vann over det geopolitiske

Jagland skriv vidare at Noreg har spelt i viktig rolle i Strasbourg då Rolv Ryssdal nærast fekk legendestatus som president i domstolen:

– Det var her Jens Evensen kjempa gjennom det norske søksmålet mot militærjuntaen i Hellas.

– Amerikanarane vart sterkt opphissa over at vi kunne gjere noko slikt mot eit NATO-land, men prinsippa og verdiane vann over det geopolitiske.

Den norske regjeringa går på «filttøfler» for USA

– No går ein på «filttøfler» når USA krev at Julian Assange skal utleverast til USA der han er anklaga under spionasjeparagrafen og risikerer 175 års fengsel fordi han publiserte materiale som viser krigsbrotsverk i Irak og Afghanistan, skriv Jagland.

Jagland viser til at behandlinga av Assange må sjåast i lys av tre paragrafar i den europeiske menneskerettskonvensjonen:

Artikkel 10 om ytringsfridom: Han har brukt sin rett til å publisere. Det er ingen forbrytelse.

Artikkel 2 om forbod mot ei kvar form for tortur: Han er helde innesperra i høgtryggleiksfengsel i tre år i svært dårleg helsetilstand.

Artikkel 6 om rettferdig rettergang utan nødvendig forsinkelse: Det føreligg tusenvis av dommar frå Strasbourgdomstolen mot bl.a. Tyrkia og Italia som gjeld seindrektig rettsprosessar. Det to tre år før avgjerda om utlevering kom.

Vidare viser Jagland til at rettsvesenet overlot spørsmålet om utlevering til USA til politisk handsaming.

– Det er overraskande at europeiske regjeringar ikkje har ansvarleggjort britane under konvensjonen. Spesielt ille at den norske regjeringa har vore taus, avsluttar han.

Leiar av Norsk Journalistlag, Dag Ivar Tryggestad, har tidlegare sagt at det å avdekke hemmelege eller skjulte opplysningar som er relevante for sammfunnsdebatten er kjerna i media sitt samfunnsoppdrag:

– Ved å publisere informasjon mektige interesser ønskjer halde hemmeleg, kan pressa bidra til å halde makthavarane ansvarlege, sa Tryggestad.