Rystad Energy: – Ekstreme kolprisar om det vert sanksjonar


Rystad Energy skriv at kol vert handla for 462 dollar per tonn den 10. mars, opp frå 186 dollar den 23. februar. Deira analyser ventar at prisane vil stige til over 500 dollar per tonn. 

Medan Europa har fokusert på korleis krigen mellom Russland og Ukraina har påverka olje og gass, og seinare prisar på nikkel, har lite vorte skrive om prisane på kol som truleg vil spreie seg som tsunami verda over.

Russland er Europas største leverandør av termisk kol. I følgje Eurostat forrige år, leverte Russland til EUs medlemsland heile 36 millionar tonn med termisk kol, noko som tilsvarar om lag 70 % av den totale importen.

Rystad Energy skriv at sidan gassprisane held fram å auke kan europeiske administratorar sjå til kol for å ta opp eventuelle underskot i elektrisitetsproduksjonen.

Forbrukarane vil imidlertid slite med å hente inn kol frå alternative produsentar fordi balansen mellom tilbod og etterspurnad for det internasjonale sjøbårne termiske kolet er ekstremt stram.

– Viss det oppstår sanksjonar mot kolhandel med Russland, eller det vert fysisk avbrot i jarnbane-/havtransport er himmelen grensa for kor høge prisane kan bli, skriv analysefirmaet.

Dei viser til at importert kol har betre kvalitet og er billigare enn innanlandsk produksjon. Storskala overflateutvinning av brunt kol med låg energi vert framleis gjort, men importert kol er avgjerande for å dekke behova til dei mange termiske kraftverka som er utvikla for å brenne drivstoff med høg brennverdi.

Polens statsminister, Mateusz Morawiecki, oppfordra tidleg i mars europeiske land til å stoppe importen av kol frå Russland, og i staden importere frå Australia.

I mellomtida har Polens valuta, zloty, sunke til det svakaste nivået mot euro sidan 2009 på grunn av krigen i Ukraina. Dette har ført til at sentralbanken planlegg å selje euroreserver for å støtte eigen valuta.

Rystad Energy har ikkje nemnt Australia, men viser til Colombia og Sør Afrika.

Dei viser til at sørafrikansk koleksport har vore under planlagte nivå ei årrekkje. Eksporten fall under 60 millionar tonn i fjor, det lågaste nivået på fleire tiår, fordi jarnbanenettet vart alvorleg råka av tjuveri av koparkabel.

Ein årleg eksport på 70-75 millionar tonn bør vere oppnåeleg dersom jernbaneoperatøren Transnet greier ordne opp i eigne tryggleisproblem, avsluttar analysebyrået.