Professor: – På veg mot «full skilsmisse» innan alt frå teknologi, handel, medier og økonomi


Professor ved universitetet i Søraust-Noreg, Glenn Diesen, sa i kommentar til Nettavisen 10. mars at vi no er på veg mot «full skilsmisse» innan alt frå teknologi, handel, medier og økonomi.

Tankegangen til dei russiske styresmaktene er at framtida ligg i Austen, og Tyskland som viktig handelspartner blir skifta ut med Kina. I følgje professoren er faren med dette at Europa forblir splitta og blir mindre relevant.

På den digitale konferansen «Krim i eit geopolitisk perspektiv» som gjekk av stabelen i mai i fjor sa Diesen som føredragshaldar at Russland har gjort fleire tiltak for å gjere seg mindre avhengig av vestlege marknader. Dette ved å gradvis redusere avhengigheita av vestleg teknologi og diversifisere eigen eksport.

Russland har i tillegg heva eigen kompetanse gjennom utvikling av nye industriar og utvikla eigne digitale plattformer, samt styrkja partnarskapen med Kina. Dette vart gjenteke i intervjuet med Nettavisen, med henvisning til dei digitale kjempene Yandex, VK og meldingstenesta Telegram.

Årsaka er at digitale midlar ikkje skal ligge i hendene på digitale fiendar.

Forskningsområdet til Diesen er Russlands strategi for stor-Eurasia som ein politisk økonomi. På konferansen i fjor vart det framheva at Russland ikkje lenger forsøker integrere seg i europeiske instutisjonar.

Tidlegare, før 2014, følgde Russland prosjektet stor-Europa og var innstilt på å forhandle ein plass til seg sjølv i Europa. I dag er det stor-Eurasia-initiativet, der Kina er den viktigaste partnaren.

Ei av årsakene til at dette formatet har løyst seg opp er at vestlege land har brukt påstander om brot på menneskerettar og demokrati for å ignorere internasjonal lov, og slik blande seg inn i indre russiske anliggende.

På konferansen sa professoren at det kan vera gode intensjonar med innblandinga, men det har ingenting å seie om det er gode eller vonde intensjonar, fordi det ikkje vert akseptert som eit format fordi det ikkje er likestilt.

Nyleg beslutta Europakommisjonen å sensurere utvalde russiske nettaviser i heile Europa, noko statsminister Jonas Gahr Støre har gjeve uttrykk for at han vil slutte seg til. Samtidig anklagar Europakommisjonen russiske styresmakter for å drive pressesensur når dei slår tilbake og sensurerer vestlege medier.