Yrkessoldat drap tiur med kniv – må betale bot


Det var i øvingefeltet ved Rena leir yrkessoldaten Even Tviberg Torsvik (23) i Telemark bataljon drap ein tiur med kniv. Sjølv hevdar han å ha handla i naudverge.

Telemark bataljon er hærens einaste avdeling med nær utelukkande profesjonelle soldatar, det vil seie ingen vernepliktige. Hovudkvarter er Rena leir med om lag 2000 soldatar – ein av dei største i Norden. Dei fleste HRS-avdelingane (hurtig reaksjonsstyrke) i Hæren held til her.

Altså skulle det vere gode føresetnader for å handtere ein fugl.

Skar av hovudet

Hendinga fann stad i mars 2020 då Torsvik skulle på tur for å tenne bål og grille pølser saman med Hannah Eriksen og Leif Arne Hardang, som også er yrkessoldatar.

Då skal tiuren ha dukka opp, og dei kasta eit flak med skaresnø på den for å skremme den vekk. Tiuren kom likevel nærare og Eriksen og Hardang forlot staden.

Torsvik forklarte at han vart sitjande fast i snøen då han forsøkte springe vekk, og at tiuren då byrja flakse og kom mot han. I panikk skal han ha treft tiuren i hovudet med ein kniv han hadde, deretter i eiga forklaring, fall tiuren i krampar. Han skal vidare ha stukke den i brystet for å åpne den, slik at dyr kunne forsyne seg.

Retten meiner derimot at hendingsforløpet var omvendt: at tiuren først vart stukken med kniv i brystet og deretter falle med krampar, og at dette var ein bevisst og målretta handling. Retten viste til at soldaten er trent for å halde hovudet kaldt i kritiske situasjonar og er i god fysisk form.

Yrkessoldaten skar også av tiuren hovudet og ein fot.

Det var offiser Lars André Kinn Bade som melde frå om saka til politiet, etter å ha fått melding om den frå sin kollega Ørjan Leine som var i området.

I følgje Leine skal dei tre ha kasta snø på tiuren samtidig som dei «lo og skrålte». Bade søkte opp fuglen og la den i ein frysar på Rena leir. Det er uvisst kva som har skjedd med den i ettertid.

I følgje retten er tiur ein fugl som kan ha vekt på om lag fem kilo. Den kan hakke med nebbet og flyge mot dei som kjem nær og slå med vingene. Den meiner at det ikkje er fare for store skadar; i høgda kan ein få berre småsår og skrubbskadar av tiur.

Retten meiner at yrkessoldaten kunne avverga fugleangrepet ved å halde opp armane mellom seg og tiuren, og at det såleis ikkje var nødvendig å hogge den med kniv.

Totalt kosta knivhogginga soldaten 15000 kroner med sakskostnader inkludert. Han fekk 2000 kroner i rabatt på grunn av «lang» liggjetid, då saka ikkje vart avgjort før no i januar.

Det finst ikkje informasjon på publiseringstidspunktet om dommen vert anka.