Harry Potter-stjerne anklaga for antisemittisme

    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Harry Potter-stjerna Emma Watson, mest kjent som Hermine Grang, vart i går anklaga for å drive med antisemittisme av Israels tidlegare FN-representant og Likud-medlem Danny Danon.

    Anklagen kom etter at Watson posta eit bilete på det sosiale mediet Twitter av det palestinske flagget med teksten «Solidaritet er eit verb».

    Den noverande FN-representanten Gilad Erdan kom med ei utfordring til Watson, og skreiv at «fiksjon kan fungere i Harry Potter, men ikkje i verklegheita»:

    – Viss den gjorde det, kunne magien som vart brukt i trollmannsverda eliminert ondskapen til Hamas (som undertrykkjer kvinner og ønskjer utslettelse av Israel) og PA (som stør terror). Eg ville røysta for det!, skreiv FN-representanten.

    Twitter-meldingane utvikla seg til krangel frå alle sider i konflikta.

    Foto: Wikipedia/CC BY-SA 4.0.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.