Norsk PEN fordømmer utfallet i saka mot Julian Assange


Fredag 10. desember fall dommen i utleveringssaka mot Julian Assange. Norsk PEN skriv at at dei «fordømmer utfallet i den britiske ankedomstolen på det aller sterkaste».

Dommen i den britiske ankedomstolen kom på same dag som Nobels fredspris vart tildelt dei to journalistane Maria Ressa og Dmitrij Muratov.

Journalistikk har blitt eit farleg yrke og publisistar vert fengsla og utsett for valdelege angrep over heile verda skriv Norsk PEN.

– Dette er ein symboltung dag. Dagens kjennelse mot Julian Assange har gjort tilhøva enno farlegare for alle som driv kritisk gransking av styresmaktene, uttalte Rune Ottosen i Norsk PEN.

Julian Assange står tiltalt for å ha avslørt alvorlege krigsbrotsverk i Irak og Afghanistan utført av amerikanske styresmakter. Ingen har blitt stilt rettsleg ansvarleg for krigsbrotsverka. I staden jagar styresmaktene journalistar.

Ottosen viser til at borgarrettane til Julian Assange har blitt krenka gjennom mellom anna ulovleg avlytting medan han sat i den ecuadorianske ambassade. Han viser også den humanitære sida. Assange er i dag innesperra under svært vanskelege forhold i det berykta Belmarsh-fengselet.

Russisk UD: – Skammeleg kjennelse mot ein journalist

FNs spesialrapportør har fleire ganger uttalt at Assange blir utsett for psykisk tortur i Belmarsh-fengselet.

I følgje Ottosen var det USAs tidlegare president Barack Obama som starta den farlige prosessen mot varslarar, då ved å bruke ei spionlov frå første verdskrig til å forfølgje dei.

Gjennom råd frå advokatane sine fekk han beskjed om at dersom Assange måtte bli tiltalt måtte også New York Times tiltalast, fordi dei publiserte det same materialet.

Også USAs forrige president Donald Trump slo hardt ned på kritisk journalistikk, noko som vert vidareført av hans etterkommar, noverande president Joe Biden.

Talsperson for Russlands utanriksdepartement Maria Zakharova skreiv på Twitter same dag at kjennelsen er skammeleg:

– Dette er ein skammeleg kjennelse mot ein journalist og ein offentleg person, skreiv Zakharova, som la til at kjennelsen er nok ein manifestasjon av det kannibalistiske verdssynet til den anglosaksiske alliansen.

Fleire presseorganisasjonar har fordømt handlingane til den britiske domstolen. Norsk Journalistlag skriv det er skandalaust å utlevere Assange:

– Dette er ein trist dag. Dei britiske dommarane tok feil avgjerd då dei opna for utlevering av Julian Assange til USA, sa leiar av Norsk Journalistlag, Dag Ivar Tryggestad i kommentar.

– Det er spesielt ille å få ein slik beskjed på ein dag der Nobels fredspris vert tildelt journalistar som kjempar for ytringsfridom og den frie journalistikken. Anklagene mot Julian Assange er svært problematiske, og dei utgjer ei trussel mot pressefridom.

Tryggestad sa at Norsk Journalistlag tek avstand frå forsøket på å innskrenke pressefridom og avgrense media sine moglegheiter til å halde mektige aktørar ansvarlege for krtitikkverdige og ulovlege handlingar.

Han vil at norske og utanlandske journalistar skal halde fram og publisere hemmelegstempla informasjon, når dette er blitt vurdert som naudsynt for å oppfylle samfunnsoppdraget.

– Å avdekke hemmelege eller skjulte opplysningar som er relevante for sammfunnsdebatten er kjerna i media sitt samfunnsoppdrag. Ved å publisere informasjon mektige interesser ønskjer halde hemmeleg, kan pressa bidra til å halde makthavarane ansvarlege, sa Tryggestad.

Norsk Journalistlag meiner at det er avgjerande at publiseringa av slikt materiale ligg innanfor pressefridom, også når statar ønskjer halde informasjonen hemmeleg.