Forbrukerrådet: AtB kan ileggje kontrollsanksjon, men oppmodar til å bruke skjønn


Fleire har reagert på det gebyrhissige fylkeskommunale transportselskapet AtB. Nyleg vart studenten Mads Bildøy ilagt kontrollsanksjon då han skulle ta bussen frå Dragvoll til Studentersamfundet i Trondheim.

Dette til tross han hadde bestilt billett på SMS, men ikkje fått kvittering i retur, i følgje Nrk.

SMS-billett fungerer slik at passasjeren må sende ein tekstmelding til AtB, for å seinare få kvittering i retur. Betaling skjer automatisk med mobilrekning.

Sjølv om Bildøy hadde bestilt billett på SMS slik instruksjonane seier, vart han ilagt kontrollsanksjon på kr 1100,- fordi han ikkje kunne vise kvittering som systemet til AtB skulle sende automatisk i retur. Vektarane oppmoda han til å klage på vedtaket om han var ueinig.

Grafen har spurt Forbrukarrådet om praksisen og om AtB kan gjere dette.

Oppmodar til å vise skjønn

Juridisk seniorrådgiver i Forbrukarrådet Thomas Iversen seier i kommentar til Grafen at vilkåra til AtB gjev dei rett til å ileggje kontrollsanksjon når den reisande ikkje har gyldig billett.

– Dette gjeld også der passasjeren kan dokumentere at det er kjøpt billett men ikkje har motteke den enno, seier Iversen.

Han seier at sjølv om vilkåra opnar for slike sanksjoner, så meiner Forbrukarrådet at AtB bør utvise skjønn der det går klart fram at den reisande ikkje har hatt til hensikt å snike.

50 klagesaker mot AtB hittil i år

Cecilie Asak Oftedahl som er dagleg leiar i Norsk reiselivsforum og for transportklagenemnda seier til Grafen at den aktuelle saka Nrk viser til ikkje er klaga inn. Ho kan difor ikkje uttale seg om korleis nemnda ville avgjort den konkrete saken.

Oftedahl viser til liknande dommar og avgjerder på klagenemnda sine heimesider, blant anna ein sak om ufullstendig billett, der det ikkje vart gjeve medhald.

Hittil i år har AtB fått 50 klagesaker, mot 90 saker i 2020, og 32 saker i 2019.