Norsk PEN arrangerte støttemarkering for Julian Assange utanfor Stortinget


Den australske journalisten og redaktøren Julian Assange har tilbrakt 10 år i britisk fangenskap og risikerer ytterlegare 175 års amerikansk fengsel for å ha publisert bevis for USAs krigsbrotsverk i Irak og Afghanistan.

Fredag 22. oktober arrangerte Norsk PEN støttemarkering for Assange utanfor Stortinget.

USA trugar journalistar med straffelov frå første verdskrig

Leiar av Norsk PENs varslarutval og professor emeritus i journalistikk Rune Ottosen starta markeringa med å seie at den er protest mot ei mogleg utlevering av Assange frå Storbritannia til USA – der han risikerer sitje resten av livet fengsel.

Ottosen seier at foranledninga til markeringa er at denne veka, 27. og 28. oktober, startar ein avgjerande rettsbehandling av USAs krav om utlevering av Assange slik at han kan tiltalast på 18 punkt etter USAs spionasjelov av ein spionasjedomstol som vart oppretta for å dømme spionar under første verdskrig.

Den britiske dommaren som behandla saka første gang gav USA medhald på alle punkt i tiltalen dei la til grunn for utlevering, men gikk mot utlevering fordi dommaren meinte det var reell fare for sjølvmord ved utlevering.

USA anka kjennelsen og fekk medhald. Det går fram av nye opplysningar at den same dommaren skal behandle ankesaka, noko Ottosen seier er uvanleg rettspraksis.

Ottosen seier Norsk PEN er alvorleg bekymra for konsekvensen av at USA skulle få utlevert publisistar frå eit tredjeland som har avdekt deira krigsbrotsverk. 

Oppmoda den nye regjeringa til å ta opp saka med allierte – regjeringa fnyser av den

Litteraturprofessor Gisle Selnes henvendte seg til den nye regjeringa i sin appell.

Selnes oppmoda den nye regjeringa til å ta opp samvitsfangen Julian Assange sin situasjon med våre allierte og våre samarbeidspartnarar så ofte dei kan.

– Vi vil på det sterkaste oppmode den nye regjeringa til å vise at den tek den globale pressefridomen på alvor, og at den vågar støtte fengsla journalistar også når dei vert forfølgd av våre næraste allierte, sa Selnes.

Norsk PEN vil vere til stades i London på rettssaka mot Assange onsdag og torsdag denne veka.

Grafen har forsøkt få utenriksminister Anniken Huitfeldt til å kommentere Selnes si oppmodning, men blir henvist til Utenriksdepartementet sin pressetalsperson Siri R. Svendsen:

Svendsen seier at det er britiske styresmakter og rettsvesen sitt ansvar å handsame ein begjæring om utlevering frå USA.

Ho legg til at det «ikkje er noko norske styresmakter kan påverke», og at Storbritannia er bundne av dei same menneskerettslege forpliktingane som Noreg på dette området. 

Då utenriksminister Huitfeldt møtte Russlands utanriksminister Sergej Lavrov nyleg gav ho uttrykk for bekymring rundt påståtte brot på menneskerettar i Russland og pressefridom.

Kva Huitfeldt tenkjer om eigne brot på menneskerettar er uvisst. Den norske staten er domfelt 11 ganger på to år i den europeiske menneskerettsdomstolen og har ei rekkje saker i kø til handsaming.

Grafen stilte oppfølgingsspørsmål til Svendsen om kvifor det er vanskeleg å seie det same til Storbritannia som til Russland. Svendsen har ikkje svart på dette.