Indisk lege skamslegen fordi han ikkje berga livet til covid-19 pasient


Politiet i den indiske delstaten Assam arresterte torsdag 24 personar fordi dei banka opp ein lege som ikkje greidde berge livet til ein covid-19 pasient.

Eit videoklipp som har gått viralt på Internett viser at legen, Seuj Kumar Senapati, vert slått og piska av sinte personar som var vener eller i nær familie med pasienten som døydde. 

Det var nettstaden Indian Express som rapporterte om hendinga først.

Videoklippet viser korleis legen Senapati ligg på golvet med hendene over hovudet for å beskytte seg mot slag og spark, først inne på klinikken, og deretter held det fram utandørs.

Assam som ligg ved foten av Himalaya er eit av områda med lågast befolkning i India. Likevel er det regionen som er hardast råka av viruset.

I følgje worldometers er USA det hardast råka landet av koronavirus med 35 millionar tilfeller, og India nummer to med 28 millionar. USA har også flest dødsfall med 612 000 tilfeller, nær dobbelt så mange som India. 

https://twitter.com/Indian__doctor/status/1399759994988339200