Konferanse om Krim: I det store vil eit samarbeid mellom Kina og Russland skape ein økonomisk infrastruktur som ikkje er kontrollert av vesten


Professor Glenn Diesen ved Universitetet i Søraust-Noreg var ein av føredragshaldarane på den digitale konferansen «Krim i eit geopolitisk perspektiv» som gjekk av stabelen 27. mai.

Krim-konferansen belyste geopolitiske forandringar i forholdet vårt til Russland, og hjelper oss forstå korleis verda endrar seg etter statskuppet i Ukraina, gjenforeininga med Krim og påfølgjande sanksjonar.

Russland har gjort fleire tiltak for å gjere seg mindre avhengig av vestlege marknader. Dette ved å gradvis redusere avhengigheita av vestleg teknologi og diversifisere eigen eksport av mellom anna gass.

Dei har også heva eigenkompetanse gjennom utvikling av nye industriar og utvikla eigne digitale plattformer, samt styrkja partnarskapen med Kina.

– I det store vil eit samarbeid mellom Kina og Russland skape ein økonomisk infrastruktur som ikkje er kontrollert av vesten

Dei arbeidar også med utvikling av transportkorridorar.

Transport av gods frå Europa til Asia går to ganger raskare gjennom Nordaustpassasjen enn Suezkanalen. Den nordlege sjøvegen er ei skipsrute frå Atlanterhavet til Stillehavet langs kysten av Russland i Fjernausten og Sibir.

I følgje Diesen forsøkjer ikkje Russland lenger å integrere seg i europeiske instutisjonar.

Tidlegare, før 2014, følgde Russland prosjektet Stor-Europa og var innstilt på å forhandle ein plass til seg sjølv i Europa. I dag er Stor-Eurasia-initiativet prioritert, der Kina er den viktigaste partnaren. Kina hjelper også Russland mot vestlege sanksjonar.

Ei av årsakene til at dette tidlegare formatet løyser seg opp er at vestlege land brukar påstander om menneskerettar og demokrati for å ignorere internasjonal lov, og slik blande seg inn i indre russiske anliggende.

– Det kan vera gode intensjonar i vesten med dette, men det har ingenting å seie om det er gode eller vonde intensjonar, for det vi ser no er at dette ikkje er akseptert som eit format fordi det ikkje er likestilt, seier Diesen i føredraget.

Stor-Eursasia-initiativet gir Russland mykje større handlingsrom og gjer at dei kan motstå større press. Dei antirussiske sanksjonane framskundar prosessen med initiativet.

– For kvar dag som går har vesten mindre og mindre innflytelse, og den dagen sanksjonane vert fjerna vil alle marknadsandelane og avtalene allereie vere erstatta av Kina, seier han.

Men Stor-Eurasia-initiativet er ikkje antieuropeisk.

– Hensikten er at Europa skal vera mindre relevant og at Russland skal vera mindre utsett for press. Dette viser at vi ikkje har så mykje forståelse for korleis verda endra seg etter det som skjedde i Ukraina.

Sjå heile konferansen i opptak her.