Bør gå i tenkjeboksen og finne ut kva demokratiske verdiar høgskulen skal dyrkje


Professor i rettsvitskap Ole Gjems-Onstad ved BI skreiv ein kronikk om terrorangrepet den 22. juli med tittelen «Arbeiderpartiet og AUF misbruker 22. juli politisk» som stod på trykk i Stavanger Aftenblad 6. mai. I kronikken har Gjems-Onstad komme med kritikk av Arbeidarpartiet.

Seinare same dag gjekk rektor ved høgskulen ut med eiga pressemelding og tok avstand frå det professoren skreiv ved at kronikken ikkje representerer høgskulen BI sitt «syn». Fleire Arbeidarparti-folk har på sosiale medier truga professoren med alt frå boikott til at han burde miste arbeidet sitt.

Jussprofessor Gjems-Onstad argumenterte slik i kronikken [utdrag]:

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og justisminister Knut Storberget hadde det politiske ansvaret for terror- og tryggleikssberedskap i landet i 2011, men no vil dagens Arbeidarparti plassere skulda for terroren i regjeringskvartalet og på Utøya på den politiske høgresida.

og vidare:

Arbeidarpartiet vil bruke Utøya til å fortsetje ein kjent venstresidestrategi: Å monopolisere det anstendige Noreg. Ein vil skape eit utanforskap, med dei gode menneska på venstresida stilt opp mot dei vonde og stygge på høgresida. I eit godt Noreg er det berre plass til Arbeidarpartiet og venstresida sine tankar.

og vidare:

Det er feil når norske medier utan kritiske motspørsmål lèt overlevande frå Utøya opptre med eit fripass til å seie nærast kva som helst om dei som tenkjer anleis politisk. Ein har krav på masse sympati, hjelp og medkjensle etter å ha overlevd eit slikt mareritt. Men ein bør ikkje få rolla som refsande politiske profetar med monopol på sanninga.

og vidare:

Noko av lidinga 22. juli vart redusert fordi naboar stilte opp. Desse menneska frå ålmenta på Utøya-stranda er nærast det eneste vi som folk kan føle stoltheit over frå denne forferdelege dagen. Arbeidarpartiet sa på landsmøtet, igjen og igjen, at dei skal vere partiet for vanlege folk. Men takka til kvardagsmenneska som våga livet rundt Utøya, sat først langt inne. «Takksemda» fekk ein merkeleg slutt då AUF og Arbeidarpartiet tredde plasseringa av minnesmerkjet ned over hovudet på naboene.

og vidare:

Massemordaren har ingen unnskyldning. Men med sine forsøk på å gjere dei med andre meiningar ansvarleg for 22. juli, gjentek Arbeidarpartiet noko av det som også bidrog til å skape Breivik: Ei stempling av andre og ei ekskludering. Ein ekstremismekommisjon er del av denne projiserende strategien. Dessverre vil den ikkje gjere Noreg bedre rusta mot ulukker, men splitte og mistenkjeleggjera.

og vidare:

Norsk venstreside har heller aldri teke eit sjølvoppgjer med sin nokså utbreidde naive romantisering av dei ansvarlege for sosialistisk massedaud gjennom svolt og forfølgelse.

Pressegeneral: – Underleg at BI må gå ut å presisere at Gjems-Onstad ikkje representerer BI og at han ikkje skulle brukt sin stillingstittel

Arne Jensen, generalsekretær i Norsk Redaktørforening seier til Grafen at ytrings- og meiningsfridom bør stå sterkt i akademia, anten det gjeld fagleg eller politisk usemje – eller fagleg-politisk usemje.

Han tykkjer også det er litt underleg at BI må gå ut å presisere at Gjems-Onstad ikkje representerer BI og at han ikkje skulle brukt sin stillingstittel.

– Dette meiner eg er problematisk. For det første er det i mange samanhengar ikkje likegyldig kva utdanning, erfaring og yrke ein debattant har, og dessutan er det i alle fall ikkje nokon hemmelegheit.

– At nokon skulle oppfatte dette [kronikken, red. anm.] som at Gjems-Onstad representerte Bis «syn» virkar for meg dessutan søkt.

Det avføder imidlertid eit anna spørsmål, seier Jensen. Kan BI, som instutisjon ha eit «syn»? spør han. Er ikkje heile poenget med akademiske instutisjonar at ein ikkje skal gå i takt, og at den enkelte kun representerer seg sjølv?

Risikerer å styre i retning av eit meir konsensusstyrt samfunn

Jensen seier at høgskular og universitet må gå i tenkjeboksen og finne ut kva demokratiske verdiar dei må dyrke, også når det kjem til det ubehagelege og det som dei fleste tek avstand frå.

– I det akademiske miljøet bør det vere særleg høgt under taket for dei som tenkjer anleis. Akademia må, meir enn nokon, ha trua på at vår søken etter sanninga har best vilkår i eit miljø der flest mogleg teoriar kan brytast mot kvarandre.

På spørsmål om korleis samfunnet vil kunne utvikle seg dersom akademikarar ikkje tør ytre seg om kontroversielle tema i media, seier Jensen at vi risikerer eit meir konsensusstyrt samfunn.

– Generelt så er det fare for at vi risikerer å styre i retning av eit meir konsensusstyrt samfunn, der det politisk korrekte i mindre og mindre grad vert utfordra.

Det vil, etter mitt syn, vere uheldig avsluttar Jensen.

Svarte gjennom konsulent

Rektor ved handelshøgskulen BI, Inge Jan Henjesand, seier i kommentar til Grafen gjennom Yngve Kveine på e-post at «Fagpersonar deltek i samfunnsdebatten som enkeltpersonar, og at det ikkje er instutisjonen som uttalar seg, og aktørar som er ueinige i den enkeltes ytringar, kan ta til motmæle i det offentlege rom.»

Vidare seier han at «Akademisk fridom er eit sjølvsagt fundament for handelshøgskulen BI som for andre utdanningsinstutisjonar. Vi ber aldri faglege om å gå takt.»

Vidare hadde han limt inn sitat frå BI sin strategi 2025.

Henjesand har ikkje ville svare på kvifor Gjems-Onstad ikkje får bruke stillingstittel i kronikken sin. Henjesand ville heller ikkje spesifisere kva han meiner med BI sitt «syn», og om BI kan ha eit «syn».