Det amerikanske føretaket «Orbital Assembly Corporation» planlegg å byggje det første hotellet i verdsrommet, med opning i 2027.

Konstruksjonen skal i følgje heimesida lokke turistar og forretningsfolk med spektakulær utsikt. Den har 24 innkvarteringsmodul og etter planen eit belegg på 440 gjester. Prisen for ein tur er om lag 215 millionar norske kroner per person.

I følgje heimesida er hotellet designa for å foreine forretningsreiser og fritid. Ved sidan av god utsikt byr stasjonen på restaurantar, spa, kino, treningsrom og bar.

Så spørs det kven som vil betale nær ein kvart milliard for å sjå kino på ein romstasjon.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.