Spår hundretusenvis av tapte arbeidsplassar i olje- og gassektoren mot 2030


Robotar vil kunne ta arbeidet frå kvar femte som arbeidar innan olje- og gassektoren dei neste 10 åra som følgje automatisering for å kutte kostnader, i følgje ei analyse frå det norske selskapet Rystad Energy.

I følgje analysa er det beregna at 20 % av arbeidsplassane innan drilling, drift og vedlikehald vert automatisert mot år 2030. Totalt dreier seg om 400 000 arbeidsplassar.

Rystad Energy skriv at ansatte i Russland og USA vert hardast råka av automatisering, med henholdsvis 200 000 og 140 000 personar som mistar arbeidet sitt. Studiet til Rystad Energy seier imidlertid ingenting om Saudi Arabia, som er verdas største eksportør av olje.

Foto:Eelume.

Eit firma som produserer robotar er det norske føretaket Eelume som er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet. Roboten kan utføre inspeksjon, enkelt vedlikehald og reparasjonar. Den ål-liknande robotarmen er utvikla i samarbeid mellom Kongsberg, NTNU og Equinor.

I følgje produsenten skal roboten kunne dykke ned til 500 meter og kunne følgje eit program eller bli styrd av ein operatør for å føreta inspeksjon eller vedlikehald. Roboten vart testa første gang i 2016.

Rystad Energy skriv at sektoren kan redusere lønskostnader med fleire milliardar dollar over dei neste 10 åra, og teknologien såles tenar dei store føretaka. For USA kan kostnadane verte kutta med så mykje som 60 milliardar kroner dei neste ti åra.

Likevel er det mange testar som må gjennomførast og det er fortsatt begrensa muligheit for kommunikasjon mellom robotar og operatør, ei oppgåve som kan bli kostbar å løyse. Dessutan må den nye teknologien kjøpast eller leasast.