Luftforsvaret hadde bombefly over Sogndal i kveld


Kommunikasjonssjef i Luftforsvaret, Stine Barclay Gaasland, seier til Grafen at forsvaret gjennomførte planlagt treningsaktivitet med eigne og allierte fly over Sogndal i kveld. 

Fleire har høyrt flydur i området over Sogndal utan å sjå noko på Flightradar24. Årsaka er at forsvaret sine fly gjennomførte treningsøkta utan påslått transponder, og dermed var ikkje flya synlege i den nettbaserte tenesta som overvakar luftfart. 

Gaasland seier at forsvaret sine fly også har operert andre stadar i landet i kveld. 

– Treningsaktiviteten vert betegna som Arctic Cooperation, og er del av ein nasjonal treningsaktivitet der Luftforsvaret trenar samen med eigne styrkar i lufta, på bakken og på sjøen, seier Gaasland.

Frå Luftforsvaret inngår F-16, F-35, P-3 Orion og den flygande radartallerken AWACS delta. I tillegg inngår amerikanske B-1B Lancer bombefly stasjonert på Ørlandet for å øve samtrening med forsvarsgreinene.

Det var i slutten av forrige månad at fire B-1B Lancer-bombefly landa på Ørland flystasjon saman med eit tankfly. USA har planar om å stasjonere flya der på ubestemt tid, saman med rundt 200 amerikanske soldatar.

I følgje Gaasland trenar dei på alt frå samansette større luftoperasjonar til vidareutvikling av F-35 si evne til å fungere saman med eigne og allierte styrkar.

Fire B-1B Lancer-bombefly er stasjonert på Ørland flystasjon og deltek i trening. B-1B Lancer har delteke på bombetokt i Syria, Libya, Afghanistan og Irak. Foto: Robert Sullivan/Public Domain Mark 1.0

Basepolitikken

Norsk militær tenking går ut på at Russland er den einaste stat som kan truge Noreg. Ved eit eventuelt angrep skal norske styrkar etter planen opphalde dei framrykkjande russiske styrkane i Nord-Troms inntil forsterkningar kan hentast inn frå USA. 

Den såkalla basepolitikken tillet ikkje opprettelse av utanlandske styrkar på norsk territorium i fredstid. Hensikta med basepolitikken og forbodet mot atomvåpen på norsk jord er å unngå å virke aggressiv og provoserande på Russland.

I dag er basepolitikken i praksis daud.

Bjørn Nistad som er historikar med doktorgrad har skreve i boka «Geopolitikk: Geografi – statar og storpolitikk« at førestillinga om at Noreg må late USA opprette militære installasjonar på sitt territorium og delta i USA-leia militæroperasjonar for at USA skal komme oss til berging i krisesituasjon, er ein feiloppfatning:

«Skulle Noreg havne i konflikt med Russland, ville den amerikanske «hjelpa» dessutan ikkje kunne bestå i stort anna enn å bombe norsk territorium», skriv han.

Som storeksportør av olje og gass og rentenistnasjon har Noreg interesser som ikkje fell saman med interessene til USA og andre vestlege statar, som for eksempel å støtte utviklinga av ein internasjonal valuta som kan avløyse dollaren.