I forrige månad signerte Rolls-Royce ein avtale om sal av motorfabrikken Bergen Engines til den russiske produsenten av lokomotiv og jernbaneutstyr, Transmaholding [TMH]. Etter at nyhenda spratt har nokre statlege aktørar stukke kjeppar i hjula og forsøkjer hindre salet.

TMH er det fjerde største ingeniørselskapet innan transportteknologi globalt og har over 55 000 tilsette. Motorfabrikken til Bergen Engines held til på Hordvikneset rett utanfor Bergen, og skal i følgje avtalen seljast for 150 millionar euro, eller om lag 1,51 milliardar kroner.

Går alt etter planen kan det bli produksjon av togmotorar på Hordvikneset.

Rett etter at avtalen var signert uttalte administrerande direktør ved Bergen Engines, Jon Erik Røv, at dei var veldig letta, og hadde tru på godt utfall for både tilsette og verksemda.

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit tok etterpå til ordet for å stoppe oppkjøpet.

Argumentet deira er at Sjøforsvaret som kunde er avhengig av Bergen Engines for å kunne utføre service på nokre av fartøya sine. Justis- og beredskapsministar Monica Mæland (H) som har formelt mynde til å gjere dette, sendte lesarbrev Bergens Tidende med sine tankar.

I følgje opplysningar som kjem fram i intervju er knappe 2 % av omsetnaden til Bergen Engines frå sal av maritime motorar til forsvarsindustrien internasjonalt. Slik sett er det lite som tydar på at Sjøforsvaret er ein stor kunde, og det kan vera andre motiv som ligg bak.

– TMH har mykje å tilby Bergen Engines

Professor ved Universitetet i Søraust-Noreg, Glenn Diesen, seier til Grafen at TMH er eit stort konsern som ekspanderer både verksemdsaktivitetar og marknader.

Han meiner at oppkjøpet er konsistent med TMH sin strategi å diversifisere verksemda:

– Dei siste 10 åra har TMH utvikla meir kapasitet innan motorverksemda – diesel, elektrisk og batteri. I dei siste åra har TMH også ekspandert sterkt geografisk inn i Europa, Afrika og Sør-Amerika.

– TMH er eit robust konsern som verdas fjerde største leverandør av jernbanemateriale med ein stadig ekspanderande marknad, som tilseier at dei har mykje å tilby Bergen Engines.

Om salet vert stoppa vil dette begrense muligheitene for Bergen Engines og dei kan miste konkurransedyktigheita si i ein periode då industrien vert endra, sier Diesen.

Naturleg for den norske stat å vere kritisk

I følgje Diesen er det naturleg for den norske stat å vere kritisk til salet ettersom det er eit nært forhold mellom Bergen Engines og Forsvaret.

Han seier at slik beskyttelse for strategiske industriar alltid har eksistert, sjølv i dei friaste marknadane.

– Noreg har rimelege bekymringar for tryggleik ettersom vi er medlem av NATO, ein anti-russisk militærallianse.

Diesen meiner vi legg til for ein meir aggressiv politikk mot Russland ved å posisjonere oss som ei amerikansk frontlinje mot Russland i Arktis.

Han meiner også at verdsøkonomien skiftar seg austover, og at vår økonomiske aktivitet vil bli mindre fokusert i NATO-land i tida framover:

– Noreg har eit dilemma om å anten tilpasse seg denne verklegheita for å behalde sin industrielle styrkje, eller avgrense sin økonomiske aktivitet og miste slike moglegheiter, avslutta Diesen.

Les også: USA svartmålar konkurrentane i kampen om den fjerde industrielle revolusjonen


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.