Kollapsen i Texas viser at USAs infrastruktur er utdatert


Kollapsen i Texas har avslørt store svakheiter i USAs nasjonale infrastruktur. Ein konsekvens av at Washington investerer i bomber framfor goder til fellesskapet.

Texas er den nest største delstaten i landet og hadde nyleg ei kuldebølge som førte til kollaps i straumnettet og meir enn 4 millionar husstandar utan straum. Utan anna oppvarming blir det utetemperatur inne i løpet av få timar.

I tillegg mista innbyggjarane vatnet sitt med sprengte vassrøyr både i og utanfor hus. Brannvesen kunne heller ikkje sløkkje brannar fordi brannhydrantar var fryst.

Innbyggjarane har seinare vorte straffa med høge straumrekningar, enkelte på 140 000 kroner, og treng etterpå sosialhjelp og mat frå suppekjøkken på gata for å overleve.

– Infrastruktur bygd rett etter andre verdskrig og har fleire og lengre utkoplingar enn noko anna utvikla land

Hendinga i Texas betyr at USAs infrastruktur er svak og dårleg organisert. Det er noko vi vil sjå meir av i tida framover.

Steigan skriv at USA ein gang var verdsleiande på alle område. Landet hadde den mest avanserte industrien i verda og på dei fleste felt den meste avanserte infrastrukturen.

Det høyrer fortida til.

Bilindustribyen Detroit er i dag redusert til ein ruinby og store delar av den amerikanske industrien har flagga ut. Infrastrukturen forfell i rekordfart.

Mesteparten av USAs infrastruktur er bygd rett etter andre verdskrig, noko som i stor grad har bidrege til å gjere USA til ei supermakt, men i dag brukar landet berre 0,6 % av sine offentlege budsjettt på investeringar i infrastruktur.

I følge The American Society of Civil Engineers vil etterslepet påføre USA eit tap i bruttonasjonalproduktet på 3100 milliardar dollar – eit tap tilsvarande heile Tysklands bruttonasjonalprodukt.

Vitskapsmagasinet Popular Science skreiv i fjor at USA har fleire utkoplingar i straumnettet enn noko anna utvikla land. Årsaka er at straumnettet er utdatert, og ingen vil gjere noko med det.

Dei eldste linjene er frå 1880-talet medan mesteparten av straumnettet er bygd på 1950-talet, rett etter andre verdskrig. Levetida for nettet var då planlagt 50 år.