Vedum: – Eg skammar meg ikkje fordi eg køyrer ein gamal bil. Det bør ikkje du gjere heller.


Bilpolitikken må tilpassast det landet vi lever i. Noreg er kaldt og mørkt store delar av året. Dei fleste i Noreg er heilt avhengige av bil for å få kvardagen sin til å gå opp. Då må vi ha ein politikk som tar høgde for dette, skriv leiar av Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum.

Høgre og deira regjeringspartnarar lanserte nyleg ganske så bombastiske målsetnadar gjennom si klimamelding. Blant anna inneberer denne krav om at i utgangspunktet alle personbilar og mindre varebilar kjøpt inn til offentleg sektor frå og med 2022 skal vere elbilar eller såkalla nullutsleppsbilar. Vidare opnar regjeringa for forbod mot bruk av eldre bilar i visse delar av landet og den legg opp til ei veldig auke i drivstoffprisen. Det slår meg at regjeringa har gløymt kor mangfaldig Noreg eigentleg eg.

Alle kan ikkje ta trikk, T-bane eller buss til jobb. Alle kan ikkje kjøpe seg ein ny bil, nokre må bruke den eldre bilen dei har. For heimesjukepleiaren i Folldal blir nattevakta både vanskeleg og skummel ei januarnatt i minus 30 grader. Politipatruljen i Kautokeino kan ikkje ta omsyn til gradestokken. Dei må kunne rykke ut, også når det er minus 35 grader på Finnmarksvidda. Arbeidsfolka på teknisk etat i Ålesund må kunne køyre varebilen sin med pumper og alt utstyr til Fjørtoft når behovet er der, uavhengig av vær og vind.

Vi i Senterpartiet har målsetnad om at flest mogleg bilar skal ha null eller låge utslepp. Men vi kan ikkje stille krav som ikkje er tilpassa vår verkelegheit. Det går kanskje heilt fint at alle nye bilar i Oslo er nullutsleppsbilar, men det er ikkje sikkert det er klokt å gjere det same verken i Folldal eller Kautokeino.

For privatpersonar er kjøp av bil ein av dei største investeringane ein gjer. Då må vi som folkevalde ta høgde for at folk med ulik råd og forskjellige behov bytar ut bilen sin på forskjellige tidspunkt. Difor reagerer vi på regjeringa sitt forslag der den opnar for forbod mot bruk av vanlege bilar i visse delar av landet.

For ein handverkar kan det vere avgjerande å kunne bruke varebilen sin. Eller for den eldre mannen som sendte meg ein e-post her om dagen og forklarte at han var avhengig av bilen sin for å kunne køyre kona si til Oslo sentrum. Kona var for dårleg til beins til å bruke trikk eller buss. Den med litt dårleg råd, som nokre gongar har behov for å bruke bilen i sentrum, må kunne gjere det også i åra framover. Eg reagerer på denne typen forslag som i klimaet sitt namn rammar dei med ekstra behov.

Det er ei linje i politikken til Høgreregjeringa. Den har fleire gongar innført grep som rammar usosialt. Senterpartiet ønskjer å ta vare på eit Noreg med små skilnadar og at folk skal kunne bu over heile landet. Regjeringa hevdar at den har stramma inn på pendlarfrådrag ut frå eit klimaomsyn. Men i realiteten er dette ei rein skatteskjerping for arbeidsfolk som må reise for å kome seg på jobb. Dersom ikkje alle skal klumpe seg saman i det som blir ein særs trong og lite hyggeleg bykjerne, må vi legge til rette for at folk framleis skal kunne pendle. På same måte grunngav regjeringa eit avgifts-hopp på taxiar med plass til rullestol med at det var eit klimatiltak.

Eg trur det øydelegg tilliten til klimapolitikken dersom det særs ofte er slik at dei som har lengst reiseveg, dårlegast råd eller ekstra behov, er dei som konsekvent rammast hardast av det som i realiteten er symbolske klimatiltak.

Vi kan føre effektiv klimapolitikk utan å auke dei sosiale og geografiske skilnadane i Noreg. Eitt tiltak som vil ha stor effekt, er å senke avgifta på biodrivstoff. Vi var derfor sterkt imot at regjeringa innførte vegbruksavgift på all biodrivstoff 1. juli i fjor. Berekningar presentert frå transportnæringa og drivstoffselskapa hausten 2019 viste at effekten av denne avgiftsaukinga truleg vil vere 700 000 tonn CO2 i auka klimagassutslepp frå transportsektoren.

I Noreg treng vi ein politikk tilpassa det mangfaldige landet vi lever i. Vi må ta vare på tinga våre. Vi må utnytte våre naturressursar til å bygge industri utan utslepp. Med våre store ressursar frå norsk skog og norsk vasskraft, har vi store moglegheiter. På skuldrane til norsk olje- og gassindustri kan vi ved hjelp av norsk skog, vasskraft og enorme havområder utvikle reine og klimavennlege produkt som verkeleg kan gjere ein global skilnad.

Vi skal få ned klimautsleppa. Men på vegen dit må vi ikkje gløyme korleis Noreg heng saman.

PS: Eg skammar meg ikkje fordi eg køyrer ein gamal bil. Det bør ikkje du gjere heller. Eg trur det er lurt å ta vare på tinga vi har.

Trygve Slagsvold Vedum,
Leiar av Senterpartiet.