Millioninntekter på fotoboksar i Fodnestunnelen


Dei to fotoboksane i Fodnestunnelen retning Fodnes, der ferjekaien ligg, tenar i snitt 269 kroner per time dei er i drift. Illustrasjon: Grafen.

Tal Grafen har fått av Utrykningspolitiet viser at Fodnestunnelen henta inn 2,1 millionar kroner i fjor. I retning ferjekaien er det gitt 491 førelegg som tydar på at nokre bilistar har dårleg tid til ferja.

Talet førelegg er likevel svært lågt når ein reknar 270 000 kontrollerte køyretøy. Av desse vart det gjort seks førarkortbeslag. Dei aktuelle fotoboksane i retning ferjekaien er i drift om lag 74 % av dagene i året.

Lærdalstunnelen har strekningsmåling. Foto: Grafen.

I Lærdalstunnelen er resultatet vesentleg lågare. I alt henta tunnelen inn berre 485 000 kroner gjennom heile fjoråret. Noko av forklaring er strekningsmåling av fart i den 25 kilometer lange tunnelen.

Sjølve strekningsmålinga vert gjort over ein avstand på 20 kilometer.

I følgje Statens vegvesen fungerer målinga slik at gjennomsnittsfarten vert målt mellom to fotoboksar. I Lærdalstunnelen retning Aurland kjem den første boksen etter 3 kilometer, og den siste knappe 2 kilometer frå Aurland-sida.

Når ein køyrer gjennom tunnelen vert avstanden mellom dei to boksane delt på tida ein brukar på å køyre frå den eine til den andre.

Den første boksen blinkar alltid raudt, som betyr at køyretøyet er fotografert i første måling. Er passeringa for rask vil det blinke gult lys rett etter andre måling, som i illustrasjonen nedanfor.

Strekningsmåling som i Lærdalstunnelen. Illustrasjon: Statens vegvesen/Colourbox

Ute av drift i tre år

I det tunnel-tette Aurland har fotoboksane i Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen vore ute av drift dei siste tre åra på grunn av vedlikehald og tunnelarbeid.

Frå tidlegare har tunnelane som begge er del av E16 mellom Bergen og svenskegrensa toppa listene på førelegg og førarkortbeslag. Etter planen skal oppgraderingsarbeidet vera klart i løpet av april.

Gudvangatunnelen skal etter planen vera ferdig i april 2021. På biletet i 2019 var vegen fresa opp og klargjort for asfaltering. Foto: Grafen.

Nedanfor ser du 2020-tal for heile distriktet.

Illustrasjon: Utrykningspolitiet.