Grafen avslører: Kjetil Drange og politiforum-redaktør Erik Inderhaug fabrikkerte informasjon til artikkel


Grafen kan avsløre at politiforum-redaktør Erik Inderhaug og den tidlegare Selje-lensmannen Kjetil Drange har konspirert saman og fabrikkert informasjon til ein artikkel publisert på nettstaden politiforum, der Inderhaug er redaktør.

Artikkelen har dei brukt i forsøk på å påverke mellom anna Justisdepartementet, Politidirektoratet og Politiets Fellesforbund, på ein slik måte at politiet som arbeidsgjevar ikkje skal utlevere informasjon om eigne ansatte til media. Slik praksis vil vera i strid med offentleglova sine reglar.

Drange er tidlegare lensmann i Selje kommune og leiar av politiet sin operasjonssentral i Florø. I oktober 2017 vart han sikta for vald i nære relasjonar av dåverande påtaleansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt, Kirsti Hammerø. Han vart då suspendert frå tenesta. Grafen laga fleire saker om dette.

I følgje eit brev frå advokaten til Drange, datert 25. november 2017, gjekk det fram at han vart meld i 2016 for fysisk og psykisk vald av ekskona, der ho også omtala han som «farleg». Drange vart også meld for familievald på midten av 2000-talet i følgje dokument Grafen har fått tilgang på.

Ei kvinne tok også kontakt med Grafen, og var tydeleg på at den tidlegare Selje-lensmannen er farleg. Andre kvinner har også på eige initiativ kontakta Grafen med opplysningar om han.

Alle sakene mot Drange er lagt vekk av politiet. Han påstod på SMS i 2018 at sakene har oppstått som del av ei barnefordelingssak, og at han då ikkje ville kommentere meir av omsyn til sonen sin.

På same tid, rett etter at Grafen hadde vore i kontakt med han, sletta den tidlegare polititoppen alle blogg-innlegga sine på Politiets Fellesforbund.

Tok vekk journalist-informasjon frå SMS-melding

Grafen fekk tips om ein artikkel skreve av politiforum-redaktør Erik Inderhaug som omhandlar Drange, der han forsøkjer framstille seg som offer etter at Vest politidistrikt utleverte informasjon om han etter offentleglova til Grafen.

Grafen begjærte innsyn i heile personalmappa til Drange i tråd med vanleg journalistisk metode. Denne mappa inneheld avtalar om tilsetjing, kva lønn han får, og andre faktaopplysningar. Informasjonen er med å danne ei tidslinje og det offentlege har plikt å utlevere opplysningane.

Offentleglova i Noreg er del av EU-retten og gjennomfører EU-direktiv om vidarbruk av informasjon frå det offentlege. Eit av motiva bak lova er å førebyggje uetisk åtferd og korrupsjon.

På politiforum skriv Inderhaug følgjande:

Det er to dager igjen av året når det piper i Iphonen til polititjenestemannen «Knut». Klokka har akkurat passert 12 på formiddagen, men Knut er ikke på jobb denne fredagen. En idrettsskade har satt ham ut av spill, og han er sykmeldt.

Polititjenestemannen tar opp telefonen. Ser tekstmeldingen fra et ukjent nummer. Meldingen er ikke til å misforstå: «Jeg har fått ut personalmappa di».

– Det gikk kaldt nedover ryggen på meg, sier Knut i dag.

Sjokkbeskjeden var som et slag i magen: Arbeidsgiver hadde utlevert Knuts personlige opplysninger til en tilfeldig person.

Hadde ikke polititjenestemannen allerede vært sykmeldt, ville han blitt det nå.

Vidare manipulerer Inderhaug lesarane sine med denne uriktige SMS-meldinga Drange påstår å ha fått:

Slik ser meldinga politiforum-redaktør Erik Inderhaug og Kjetil Drange fabrikkerte til ein artikkel.

Nedanfor er meldinga som kom frå Grafen. Då Drange ikkje tok telefonen vart det sendt SMS til han med spørsmål at Riksadvokaten ikkje hadde motteke noko klage på han, som var sendt av bistandsadvokat John Christian Elden. Det vart spurt kva han ville gjere vidare.

Drange benekta då all kjennskap til saka, og visste ikkje noko om verken familievaldssaka eller andre dokument:

Slik ser den opphavlege meldinga ut. I artikkelen til Inderhaug omtalar han meldinga frå ein «tilfeldig» person og utelet bevisst at den kom frå ein journalist. I staden for å svare på spørsmål svarer Drange på heilt andre ting. Drange vart heilt frå starten av gjort merksam på at meldinga kom frå journalist. For ordens skuld vert det skreve at samtalen er interessesant fordi Drange benektar kjennskap til saka.

Kommentar

Slike saker som dette stadfestar uetisk åtferd blant tilsette i politiet og deira interesseorganisasjonar. Denne saka er også bevis på at politiforum ikkje går av vegen for å fabrikkere informasjon og framstille ein historie som er langt frå verkelegheita. Det er eit faresignal folk må ta alvorleg.

Politiforum-redaktør Erik Inderhaug har bevisst utelete opplysningar om at Kjetil Drange aka «Knut» var sikta for familievald og har vore anmeld tidlegare for liknande, og at dette er grunnlaget for innsyn i og utlevering av hans personalmappe i tråd med offentleglova sine reglar. Det Inderhaug driv med er «fake news».

Føremålet til offentleglova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, og styrkje tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Det at ansatte i politiet og deira interesseorganisasjonar vil halde hemmeleg informasjon om seg sjølv er eit svakheitsteikn, og eit teikn på aukande korrupsjon i politiet. Dette skal vi slå ned.

Politiforum-redaktør Erik Inderhaug har ikkje ville svare på spørsmål. Kjetil Drange har på publiseringstidspunktet ikkje svart.