Covid-19 vaksine. Foto: Pfizer-BioNTech

Virologi-ekspertar på Wuhan universitetet i Kina rår ifrå bruk av Pfizer-vaksinen etter fleire dødsfall blant eldre i Noreg.

Det skriv den største engelskspråklege dagsavisa i Kina, Global Times i dag.

I følgje Statens legemiddelverk er det til no meldt om 23 dødsfall i forbindelse med vaksinasjonen. Så langt er 13 av desse er vurdert.

Statistikk publisert på legemiddelverket sine heimesider i går viser slik fordeling i alder og kjønn:

Statens legemiddelverk, 14.01.2021.

Og vidare bivirkningar som har oppstått rett etter vaksinering:

Statens legemiddelverk, 14.01.2021.

No rår kinesiske ekspertar Noreg ifrå bruk av Pfizer-BioNTec vaksinen, og ber også andre land om å stoppe bruken av slik vaksine på eldre.

Om dødsfalla i Noreg: – mRNA covid-19 vaksiner ikkje så effektive som forventa

I følgje norske styresmakter er alle dødsfalla blant «skrøpelege» personar over 80 år, og alle på sjukeheimar.

Vaksinen som er brukt i Noreg er Pfizer-BioNTec og denne har fått mellombels godkjenning i EU. Den andre vaksinen, Moderna er så vidt teke i bruk.

Yang Zhanqiu ved Wuhan universitetet seier i kommentar til Global Times at vaksinene ikkje er så effektive som først rekna med, sidan hovudhensikta med ei mRNA vaksine er å lækja pasientane.

– mRNA-vaksinen lærer celler å lage eit protein som utviklar ein immunrespons som beskyttar folk mot å bli infisert dersom det ekte viruset når kroppen, seier Yang

Han seier at giftige stoff kan bli utvikla gjennom prosessen med mRNA-vaksiner, og dermed er ikkje tryggleiken til vaksina garantert. Dette skal ikkje vera tilfellet med inaktiverte vaksiner i Kina, som har ein meir moden teknologi.

Yang rår også ifrå vaksine til personar over 80 år.

– Det er ikkje anbefalt at eldre får slik vaksine, seier han. Folk over 80 år har eit svakt immunforsvar, og dei har betre utbytte av medisin som styrkar immunforsvaret.

I Kina vert folk mellom 18 og 59 år vaksinert.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.