Zakharova: – Amerikanske massemedier har blitt instrument i den politiske kampen


I ein kommentar 7. januar sa talsperson i det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova, at demonstrasjonane mot Kongressen er USAs indre anliggende.

– Samtidig rettar vi igjen merksemda mot det forhold at USAs valsystem er arkaisk [forelda og gammaldags, red. anm.], og at det ikkje er i samsvar med vår tids demokratiske standarar og skaper dermed muligheiter for talrike uregelmessigheiter, sa Zakharova.

Ho meiner også at amerikanske massemedier har blitt instrument i den politiske kampen, og at dette er ein viktig grunn til splittinga av samfunnet vi i dag er vitne til i USA.

Historikar Bjørn Nistad skriv i kommentar på Kaleidoskop at USA har tapt si «mjuke makt» og at USA ikkje lenger framstår som eit demokrati, noko dei lenge har skrytt av å vere.

Han siterer ein artikkel forfatta av Ljubov Stepunova publisert i Pravda 7. januar. Budskapet er at det amerikanske samfunnet no er splitta i to fiendtlege leirer. Demokratane sin siger ved kongressvalet betyr at Biden-administrasjonen ikkje vil ha nokon å dela upopulære avgjerder og feiltakingar med.

– Aksjemarknaden vert helden oppe, men berre ved å la seddelpressa gå. Realøkonomien derimot har store problem med noko stigande arbeidsløyse, inflasjon og auka gjeld for amerikanske hushaldningar.

Difor er det sannsynleg at nye dramatiske hendingar og ytterlegare oppløysing av det amerikanske samfunnet skjer, i følgje Stepunova.

Biletet av USA som eit velfungerande demokrati vart knust den 6. januar, då demonstrantar og store folkemassar tok seg inn på den amerikanske Kongressen

Hendingane den 6. januar viser at USA ikkje er forsikra mot kriser av same slag som dei organiserar og stør i andre land, og dei vil ikkje unngå den skjebne dei påtvang befolkninga i Chile, Sovjetunionen, Jugoslavia, Irak og Syria.

– Bileta av menneskemassane som tek seg inn i Kongresssbygninga og dei flyktande politikarane vil brenne seg inn i hukommelsen på linje med bileta frå 11. september-angrepet på Tvillingtårnene i New York og bidra til å svekke eit allereie famla bilete av USA som eit velfungerande demokrati, meiner Stepunova.

– Det vil sjølvsagt redusere USAs «mjuke makt», altså makta landet måtte ha i kraft av å vera eit ideal for menneske i andre land.

I ein situasjon der den amerikanske eliten har erklært at den ønskjer ta attende utanrikspolitiske posisjonar som har gått tapt under Trumps år ved makta, og det er grunn til å frykte at europeiske leiarar og folk – i glede av Trump forsvinn – vil slutte opp om utanrikspolitiske eventyr initiert av Biden-administrasjonen, er dette positivt. Den beste garanti for fred i verda er eit svekt USA.

Kinesiske medier: – dobbelmoral

Global Times – den største landsdekkjande dagsavisa på engelsk i Kina, stiller spørsmålsteikn ved Nancy Pelosis hukommelse. Då det var opprør i Hongkong tilbake i 2019 uttalte den amerikanske toppolitikaren at demonstrasjonane «var eit vakkert syn å behalde», medan USAs utanriksminister Mike Pompeo uttalte at «dei står med folket i Hongkong». Pompeo varsla då også sanksjonar mot Hongkong etter pågripelse av 53 «aktivistar».

Då det same skjedde i USA vart lyden ein annan, og dei amerikanske toppolitikarane var raskt ute med å kalle demonstrasjonane for «oppvigleri og opprør» og «angrep på demokratiet».