Her vert den første legen i Sogndal vaksinert mot covid-19


Klokka 11:30 i dag vart kommuneoverlege i Sogndal, Jan Ove Tryti, vaksinert mot covid-19 av helsesjukepleiar Elin Henjesand Kvam. Tryti var ein av fire legar i Sogndal som fekk vaksinen til Pfizer-BioNTech.

I tillegg vart to personar på Sogndal helse- og omsorgssenter vaksinert, og då var hetteglaset tomt. 

I morgon skal to legar i Leikanger og to i Balestrand vaksinerast. I følgje Tryti vert vaksineringa gjort slik at berre halvparten av legevakta vaksinerast i første runde i tilfelle det oppstår komplikasjonar.

Kan starte massevaksinering, men manglar dosar

Tryti seier dei fekk 54 dosar i forrige veke, 42 denne og neste veke, og 168 dosar i veke 4. I alt får Sogndal berre 306 dosar med vaksine i januar. Lenger enn dette har dei ikkje fått informasjon om.

– Målet er å ha vaksinert alle i risikogrupper i første kvartal og alle andre som ynskjer vaksine før sommaren, seier kommuneoverlegen.

Han seier at ingen av dei som vart vaksinerte forrige veke fekk reaksjonar eller bivirkningar av den.

Tryti seier også at dei er klare for massevaksinering, men manglar vaksinar. I følgje helsesjukepleiar Elin Henjesand Kvam kan dei vaksinere minst 100 om dagen no, men manglar vaksiner.

I Statistisk sentralbyrå var det registrert 531 personar over 80 år og 981 personar mellom 70-79 år i Sogndal ved utgangen av 2020. Det gir over 1500 personar som må vaksinerast etter Folkehelseinstituttet si prioriteringsliste. Om talet vaksiner blir som i januar vil berre risikogruppa vera vaksinert innan utgangen av april.

Så langt er det berre Pfizer-BioNTech sin vaksine som vert nytta. Denne er nedfryst og må brukast innan 5 dagar etter utkøyring frå sjukehuset i Førde.

Det er venta vaksiner frå Moderna og Astra Zeneca, den første i februar, den andre i april. I likheit med Pfizer-BioNTech må kvar person få to dosar av dei andre vaksinene.