Sette opp skilt til Voss via Vikafjellet i rundkøyring i Sogndal


Slik såg skiltet ut i sommar. Då var det skilta til Vadheim og Hella. I dag er det skilta til Voss. Foto: Google kart.

Som mange av sogndølene har fått med seg skifta Statens vegvesen nyleg ut skiltet på Stedjebrua og i rundkøyringa ved Fjærlandsvegen med skilt til Voss. 

For reisande som ikkje er kjent kan det bli ein ekstra lang tur til Voss om dei må snu på Hella fordi ferja ligg i opplag om natta, eller fordi Vikafjellet er stengt, anten på grunn av uvêr eller vinterstenging.

Dette opplyser ikkje vegvesenet om nokon stad verken før eller etter rundkøyringa.

Frå tidlegare var det skilta til Vadheim og Hella som dei fleste forbinder med denne strekninga. På Hella finn ein ferjesambandet til Dragsvik og Vangsnes, der ein kan velje om ein reiser mot Vadheim eller Vikafjellet.

Grafen har spurt Statens vegvesen om kvifor dei gjorde det slik, og kvifor dei ikkje rår folk køyra til Voss via Lærdalstunnelen i staden.

Statens vegvesen: – Store orienteringstavler er «sikthindrande»

Kristin Hagen Hæreid ved Statens vegvesen i Sogndal seier til Grafen at dei drøfta skiltinga i haust grunna skiltfornying:

– Det er skilta til Voss her fordi Voss er eit regionalt mål langs riksveg 13. Tidlegare gjekk riksveg 55 frå rundkøyring i Sogndal til Hella ferjekai. Denne traseen er no ein del av riksveg 13, som går via Voss vidare mot Odda og Stavanger, seier Hæreid.

Hæreid viser til at det skal skiltast til visse mål langs ei vegrute, og grunna dette har dei sett behovet for å skilte til Voss ved starten av riksveg 13 i Sogndal, sjølv om dette ikkje er den kortaste ruta til Voss.

På spørsmål om kvifor dei ikkje skilta til Hella, Vik eller Vikafjellet i staden seier Hæreid at Voss er eit regionalt visningsmål på ruta.

– Kva mål som er fjernmål og regionale visningsmål, vert bestemt av Vegdirektoratet på eigne vegvisningslister som vert revidert med jamne mellomrom, seier ho, og at sidan både Voss og Vik er regionale mål langs riksveg 13, valde dei Voss som visningsmål ut av rundkøyringa i Sogndal då dette målet er meir informerande enn Vik.

Vegvesenet har også fjerna nokre av reisemåla i rundkøyringa fordi dei meiner at køyrande ikkje rekk å få med seg alle reisemåla, og fordi orienteringstavlene i rundkøyringa blir svært store.

– Store orienteringstavler er sikthindrande, og i rundkøyring der ein har gangfelt, er ikkje dette ønskjeleg, seier Hæreid.

Ho viser til at reisande blir orientert om andre reisemål langs vegen på ei avstandstavle før Stedjebergstunnelen.

Rett nok finst det avstandstavle før Stedjebergstunnelen men dette er til lita hjelp for vogntog og semitrailerar som risikerer å ikkje finna eigneleg snuplass før på Hanahaug eller Hella.

Avdelingsleiar i Transferd på Kaupanger, Bent Berglie, seier til Grafen at det er meir fornuftig å køyra Lærdalstunnelen om ein skal til Voss.

Han viser til utfordringane som er mellom Leikanger og Hella, og at det er langt mellom ferjene. 

– Dette gjeld ikkje minst om vinteren då fjellet ofte er stengt. Då må ein skilte i god tid før rundkøyringa, seier han.

Grafen har spurt Hæreid om dei planlegg å skilte før rundkøyringa om Vikafjellet er opent eller stengt, men har på publiseringstidspunktet ikkje fått svar.