Glenn Diesen: – Trur Kravtsjuk bløffar om utestenging frå SWIFT


Polskfødde Leonid Kravtsjuk som var Ukrainas første president [1991-1994], og noverande leiar av den såkalla trilaterale kontaktgruppa for å avslutta Donbass-krigen, har nyleg truga Russland med ekskludering frå SWIFT-nettverket om det ikkje vert framdrift som løyser den lange konflikta.

«Dette er sterke ord, dei kan vera bløff eller ikkje», skriv Glenn Diesen som er førsteamanuensis ved universitetet i Søraust -Noreg [USN] i kronikk på RT.

USA brukar SWIFT-nettverket som «dollar-våpen»

SWIFT eller «Society for Worldwide Interbank Financial Telecommunications» som det heiter på engelsk er eit internasjonalt betalingsnettverk for overføring av pengar mellom bankar som ikkje er i same land. Skal du sende pengar til utlandet skjer det her.

SWIFT er det dominerande nettverket i verda og ei ekskludering vil skape kaos, om ikkje nedsmelting, i finanssektoren og bankane til landet som vert råka.

Organisasjonen held til i Brüssel og den er ikkje å rekne som finansiell instutisjon sidan dei berre tilbyr infrastruktur for kommunikasjon. SWIFT har uttalt at dei har ein nøytral posisjon i politikk, noko som avgrensar USA sine muligheiter til å stenge ute land på deira ynskje.

Likevel er Iran og Nord-Korea utestengt frå SWIFT som del av USA-leia sanksjonar, som forsøkjer kvele finanssektoren til landa.

I tillegg er SWIFT eit viktig instrument for amerikanarane som hentar ut data om betalingar frå systemet, då internasjonal handel for det meste går gjennom amerikanske datasystem og i amerikansk dollar.

Slik brukar Washington informasjon frå SWIFT-systemet til å uføre ekstraterritorial jurisdiksjon, der verda må føye seg etter det einsidige amerikanske sanksjonsregimet, då handel skjer i deira dollar, og dei brukar den som pressmiddel.

USAs finansminister Steven Mnuchin sa også i fjor på G7-møtet at land som vil vera med i «dollarsystemet» må rette seg etter deira sanksjonar.

I 2014 fekk den franske bankgruppa BNP Paribas nær 9 milliardar dollar i bot for å bryte sanksjonane mot Sudan, Kuba og Iran. Same metode vart brukt mot den franske jernbanegiganten Alstom, som mellom anna har levert togkontrollsystemet i Noreg.

Det amerikanske justisdepartementet hevda då at Alstom hadde bestukke offentlege tenestemenn i Indonesia. Justisdepartementet avslutta etterforskinga når den amerikanske konkurrenten General Electric overtok avdelinga til Alstom.

Amerikanske trugsmål, maktmisbruk og press har brote ned SWIFT-monopolet

USA har ofte truga med å utestenge Russland frå SWIFT sidan Ukraina-krisa tilbake i 2014. Washington har mellom anna stengt Visa og Mastercard for bruk på Krim-halvøya.

SWIFT har imidlertid sagt at dei vil gjenreise tillit til systemet, og uttalt at dei ikkje vil utestenge Russland sjølv om amerikanarane ber om dette.

I mellomtida utvikla Russland sitt eige nettverk for betaling, SPFS, og laga eige system for betalingskort sidan Visa og Mastercard har låg tillit.

«Med nye utviklingsbankar, ratingbyrå og ny internasjonal finansiell arkitektur er vi på veg til å forlate den gamle Bretton Woods-verda»

Dei amerikanske trugsmåla har også styrka samarbeidet mellom Russland og Kina, som utvikla betalingsnettverket CIPS i 2015 som sitt eige alternativ til SWIFT. Dette gjer at landa har bygd saman sine betalingsnettverk, og opna dei for tredjepartland.

«Med nye utviklingsbankar, ratingbyrå og ny internasjonal finansiell arkitektur er vi på veg til å forlate den gamle Bretton Woods-verda», skriv Diesen.

Sjølv EU har blitt merksam på USAs misbruk av sin dominerande rolle i internasjonal finans. Eksempelet er då amerikanarane trakk seg frå Iran-avtalen, og USA truga europeiske statar med sanksjonar, og det same no med bedrifter som gjev støtte til gassledninga Nord Stream II mellom Russland og Tyskland.

«USAs dominerande rolle i internasjonal økonomi har kvilt på tillit om at Washington ikkje misbrukar rolla som administrator for verdsøkonomien, og at dei ikkje misbrukar denne rolla for å slå ned konkurrerande statar»

Svaret på dette var at EU utvikla sitt eige konkurrerande SWIFT-system, INSTEX, som back-up for Iran.

Diesen skriv at USAs dominerande rolle i internasjonal økonomi har kvilt på tillit til at Washington ikkje misbrukar rolla som administrator for verdsøkonomien, og at dei ikkje misbrukar denne rolla for å slå ned konkurrerande statar.

I 2015 åtvara USA sine allierte mot å bli medlem i den kinesisk-leia investeringsbanken AIIB, som var bygd opp som konkurrent til USA-støtta IMF og Verdsbanken. Det gjekk imidlertid dårleg, sidan «alle gjekk inn», bortsett frå USA og Japan.

Diesen skriv avslutningsvis at verda lærer å leve utan den krigførande makta, og at trugsmåla frå Kravtsjuk, uavhengig om dei vert støtta av USA eller ikkje, til slutt får stadig mindre betydning for Russland.