Slik ser det ut i Fjærlandstunnelen no


Klikk for stort bilete. Slik ser det ut i Fjærlandstunnelen no. Foto: Sveinung Hovland, Statens vegvesen.

Det rasa ned store flak frå taket i Fjærlandstunnelen på riksveg 5 mellom Sogndal og Sunnfjord kommune etter ei planlagt sprenging i morgontimane i dag. Sidan då har tunnelen vore stengt, og den opnar ikkje i dag. 

Den alternative omkøyringsvegen over Gaulerfjellet på fylkesveg 613 er også stengt på grunn av uvær.

Den raskaste vegen mellom Sogndal og Sunnfjord går då om Vadheim, men også der er utfordringar med ventetid grunna vegarbeid, og ikkje minst ferjer.

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Sveinung Hovland, veit ikkje kva som er årsaka til raset, men trur det kan vera bergspenningar som gjev sprakefjell, der flak fell ned.

Arbeidet med opprydding og sikring vil halda fram i natt, og det vert gjort ei ny vurdering om opning i morgon klokka 07:00. 

Sjå Statens vegvesen sitt kart med oppdaterte veg- og trafikkmeldingar her.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.