Rundt 4600 tilsette i Statens vegvesen får 5000 kroner kvar i julegåve av den nytilsette Vegdirektøren, Ingrid Dahl Hovland.
Pressesjef i Statens vegvesen, Kjell Solem, seier at gåva er anerkjennelse for «ein krevjande jobbsituasjon med store omstillingsprosessar» og «krav til effektivisering».
Vidare hevdast det at arbeidspresset har auka og at mange har hatt usikker jobbsituasjon, og at på toppen av det heile kom koronapandemien som har krevd enno meir av tilsette.
Sjefredaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum, er ikkje nådig i sin kritikk av julegåva.
– No er det jo ikkje vegdirektør Ingrid Dahl Hovland personleg som tek rekninga. Den går til landets skattebetalarar – blant anna dei 200 000 som er meldt arbeidsledige hjå NAV, mange av dei med usikker jobb etter pandemien, skriv han.
Stavrum held vidare fram at dei 23 millionane kunne vore omdisponert til vedlikehald, fotgjengarfelt eller noko anna som vegvesenet sysslar med.
Han skriv at det ikkje er meininga å rakke ned på dei tilsette i vegvesenet, for dei har sikkert tøffe dagar; men det har også hundretusenvis av privatansatte som no opplever at jobben deira blir utrygg på grunn av politisk bestemt nedstenging.
«I private bedrifter må pengane tjenast før dei kan brukast»
Nyhendene om julegåva vert sikkert lest av minstepensjonistane som nyleg fekk glede av pensjonsoppgjer på 0,75 %, eller ein auke frå 202 818 kroner til 204 690 kroner – altså 1 872 kroner, knapt ein tredjedel av det tilsette i vegvesenet fekk i julegratiale.
Medan minstepensjonistane får 156 kroner meir å rutte med i månaden, får tilsette i vegvensenet 5000 kroner rett på konto i desember.
Stavrum skriv at i private bedrifter må pengane tjenast før dei kan brukast. Her blir folk oppsagt eller permittert når det er krise, og dei færraste arbeidsgjevarar har råd til å betale 5000 kroner i julegåve til tilsette.
– Tvert i mot er dei tilsette takknemlege om verksemda har klart seg gjennom krisa utan oppseiingar og permittering.
– I desse dagar der partia kappast om å føreslå nye skatteskjerpingar, er det ei trøst at pengane går til noko godt – som for eksempel ekstraordinære julegåver til dei tilsette i vegvesenet, avsluttar Stavrum.