Kinesiske elbussar inntek Bergen: – Kjempebra for bylufta og folkehelsa

    Elektriske bussar av typen Yutong E-12 rullar no i Bergen sentrum. Dei kan køyre inntil 10 timar på fullada batteri. Foto: Yutong.

    Tysdag vart 112 nye elektriske bussar sett i trafikk i Bergen. Av desse er 102 produsert i Yutong-fabrikken i Zhengzhou i Kina, medan dei andre, som er trolleybussar er produsert i Polen av Solaris.

    Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) seier i kommentar til Nrk at dei kinesiske bussane gjer all kollektivtransport i Bergen fossilfri. Klima- og miljøbyråd Eline Haakestad (MDG) er også nøgd med bussane og seier klimagassutsleppa vert kutta med 85 % i forhold til dagens nivå.

    Dei helelektriske og stillegåande bussane er av typen Yutong E-12 og E-15. Dei er alle utstyrt med setebelte og USB-lading for smarttelefonar og duppedittar.

    Yutong er har blitt verdas største bussprodusent, og har marknadsandel på 32 % i Kina. Dei leverer elektriske bussar til fleire land i Europa, Asia og Latin-Amerika.

    Førarsetet i ein standard Yutong E-12. Foto: Yutong.

    Det var transportselskapet Keolis som vart tildelt busskontrakten for Skyss sin rutepakke i Bergen sentrum for 2020-2030. Kontrakten har verdi på 3 milliardar kroner.

    Dei kinesiske Yutong-bussane skal køyre 27 ruter i Bergen sentrum og vert lada om natta på Mannsverk, der ladestasjonen kan lade 91 bussar på same tid. Sjølve ladinga skal ta 5-6 timar, og let kvar buss køyre inntil 10 timar i strekk.

    Kvar buss som vert skifta ut frå diesel til straum sparar 50 tonn CO₂ i året.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.