LO-leiar om MDG-nedlegging av petroleumsindustrien: – Må bruke det vi har til å byggje det vi vil ha

Troll-A i Trollfeltet. Foto: Øyvind Gravås og Even Kleppa.

LO-leiar og lokalpolitikar for Arbeidarpartiet, Are Tomasgard, går i mot MDG som vil avvikle og leggje ned petroleumsindustrien.

– Det å leggje ned petroleumsindustrien kan samanliknast med at dei som bygde jernbane på tvers over det amerikanske kontingentet på 1800 talet skulle skote hestane som drog på plass jernbanesvillene og jernbaneskinnene lenge før jernbana sto ferdig, skriv han.

Han seier at dei kunne brukt argumentet [slik MDG] at dei heller ville satse på jernbane enn på hesteskyss.

Vidare skriv Tomasgard at no som den gang må vi bygge framtidas transport- og produksjonsmiddel ved hjelp av dei transport- og produksjonsmiddel vi har.

– Det som då er ein logikk, er å satse mykje på å byggje det som blir framtida, samtidig som vi behandlar det vi har på ein god måte.

Han meiner at lærdommen var også at det var få som satsa på hesteskyss langs same trase etter at jernbana stod ferdig.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.