Dette seier smittevernlegen om covid-19 situasjonen i Sogndal no


Grafen har spurt smittevernlege i Sogndal kommune, Leiv Erik Husabø, om covid-19 situasjonen i Sogndal no, og korleis han trur det utviklar seg mot jul.

Husabø seier at vi så langt berre har enkelttilfelle av smitte med opphald innimellom, og at det ikkje har vore utbrot dei siste vekene.

– Korleis det blir framover er umogeleg å spå om. Vi håpar det held seg til enkelttilfelle og små utbrot og at det ikkje kjem store utbrot eller smitte på helseinstitusjonane, seier han.

– No er det høgsesong for forkjølelse og mange i Sogndal hostar og harkar, og snørret renn. Kan du forklare korleis ein best skiljer forkjølelse frå covid-19?

– Dersom du kun er tett i nasen er det med truleg kun forkjøling. Men ved feber, hoste og sår hals kan det vera både covid-19 og forkjøling. Ein kan ikkje skille sjukdomane på symptoma. Hvis du mistar lukt og smak er det typisk covid-19, seier smittevernlegen.

Han seier at ein bør følgja nasjonale retningsliner ved teikn på nyoppstått akutt luftvegsinfeksjon, og at det er tilrådd å vera vekke frå skule eller jobb, og ta test på covid-19.

Husabø fortel at dei tek vanleg hals/naseprøve som vert sendt til Førde. Denne testen vert kalla for ein PCR-test, og gjev svar innan 24-30 timar.

– I tillegg har vi hurtigtestar som gjev svar etter 15-20 minutt, men desse vert berre brukt i spesielle tilfelle, då vanlegvis ved smittesporing hvis det hastar.

Når ei eventuell vaksine kjem til Sogndal er usikkert, men Husabø reknar med at ei vaksine bør vera på plass i januar eller februar.