Danmarks Radio: Amerikanske styresmakter skal ha spionert mot mål i Noreg

Utah Data Center i Bluffdale i delstaten Utah i USA. Senteret er bygd av den amerikanske militære etterretningstenesta NSA og har kapasitet i yottabytes-klassen. Foto: EFF Photos/CC BY 2.0.

Den amerikanske militære etterretningstenesta NSA skal ha utnytta eit hemmeleg dansk-amerikansk spionsamarbeid til målretta spionasje mot departement og private bedrifter i Danmark.

NSA har også spionert på Noreg gjennom eit samarbeid med den danske etterretningstjenesten FE. Det hevdar flere anonyme kjelder uavhengig av kvarandre ovanfor Danmarks Radio (DR).

Opplysningane kjem i kjølevatnet av ein oppsiktsvekkjande etterretningsskandale i Danmark, der etterretningstenesta skal ha begått fleire lovbrot og helde tilbake informasjon ovanfor kontrollstyresmakter.

Undergrev tryggleiken for vitale interesser i Danmark – men også hjå allierte

Jens Elo Rytter, professor i forvaltningsrett ved Københavns universitet seier i kommentar til DR at saka er rystande fordi FE [dansk etterretning, red. anm.] skal beskytte Danmark saman med PET [politiets etterretningsteneste i Danmark, red. anm.] og er med på å undergrave statens vitale interesser ved å la amerikanarane spionere mot danske samfunnsinstutisjonar.

I følgje professor i strafferett, Jørn Vestergaard ved Københavns universitet seier dansk lov at utanlandsk etterretning ikkje har lov til å sponere på Danmark på noko måte, eller få innblikk i militære opplysningar eller politisk følsomme opplysningar.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen seier til Grafen at det er viktig at etterretningsverksemd vert utøvd innanfor klåre rammer og at det føreligg nasjonal kontroll. Foto: Torgeir Haugaard, Forsvaret.

Brukte spionprogrammet Xkeyscore

Kjelder har fortalt at NSA brukte programmet Xkeyscore til å spionere mot danske mål og mål i Danmarks næraste naboland, som Noreg.

Både amerikansk og dansk etterretning har tilgang til programmet som gjer det mulig å søke gjennom store mengder data som blir tappa frå internettkablane og lagra i eit enormt datasenter i Bluffdale i delstaten Utah i USA.

I følgje danske ekspertar kan opplysningane skade Danmarks forhold til dei næraste allierte nabolanda.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen seier til Grafen at han ikkje vil kommentere saka medan den er under gransking.

– Eg kan heller ikkje kommentere saker som baserer seg på anonyme kjelder og som gjeld forholdet i andre land. Eg legg til grunn at påstandane inngår i granskinga som skal gjennomførast av ein særleg undersøkelseskommisjon i Danmark, seier han.

Bakke-Jensen seier også at han på generelt grunnlag kan seie det er viktig at etterretningsverksemd vert utøvd innanfor klåre rammer og at det føreligg nasjonal kontroll.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.