Dette tenar kommunetoppane i Sogndal

    DENNE GJENGEN KOSTAR SKATTEBETALARANE 5,5 MILLIONAR KRONER: Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu (1 330 000 kr) saman med (bak frå venstre:) Arne Abrahamsen (878 900 kr), kommunalsjef plan og samfunn, økonomisjef Marianne Skjeldestad Hove (878 900 kr), Ole Gunnar Krakhellen (878 900 kr), kommunalsjef oppvekst, Reidun Sørestand Hågvar (650 000 kr), kommunalsjef stab og støtte, og Åslaug Brænde (878 900 kr), kommunalsjef helse og omsorg. Foto: Sogndal kommune.
    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Dokument Grafen har fått tilgang på viser at leiarane i Sogndal kommune får 50,5 millionar kroner av innbyggjarane til å løne seg sjølv med.

    Av vel 70 leiarar får 14 av dei over 800 000 kroner i årsløn, medan 34 får over 700 000 kroner. Då er ikkje andre fordelar som gratis mobiltelefon eller andre ytingar og ordningar inkludert. 

    Nederst i artikkelen kan du sjå kven som tenar kva.

    Har over 70 leiarar

    Lønspolitiske retningsliner for Sogndal kommune. Foto: Grafen-tipsar.

    Finansutvalet fekk i forrige møte framlegg til nye lønspolitiske retningsliner for kommunen, der «lik løn for likt ansvar og like oppgåver» skal vera eit sentralt prinsipp. I følgje retningslinene skal desse vera førande for fastsetjing av løn framover.

    På noverande tidspunkt har kommunen 73 leiarar i stillingane som rådmann, kommunalsjefar, tenesteleiarar og avdelingsleiarar

    Den 1. januar i fjor var det totalt 983 årsverk i dei tre kommunane: Sogndal, Leikanger og Balestrand. Etter samanslåinga auka talet med 38 til 1021 årsverk.

    Nederst på lønslista står kjøkken, reinhald og bibliotek, der leiarane får «berre» halvparten av det leiarane i andre enden gjer. Korleis dette fell saman med lik løn for likt ansvar og like oppgåver er ingen forklaring på.

    Leiarløn november 2020



    Rådmann Ellen Marie Njøs Lillesvangstu har på publiseringstidspunktet ikkje svart Grafen på spørsmål om lønsnivået til leiarane i kommunen, og om det er muligheiter for å redusere talet leiarar framover.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.