Null engasjement for europeiske verdiar: Floyds daud i USA rører oss meir enn islamistiske drap i Frankrike


Kommentator i Aftenposten, Frank Rossavik, skriv at «blasfemi er all maktkritikks mor« i ein kommentar om ytringsfridom i dag.

Han siterer Jesper Vind i danske Weekendavisen om at det er «fatalt for Europa» når George Floyds daud i USA «rører oss meir enn islamistiske drap i Frankrike».

I følgje Vind gjekk over 20 000 på gatene i København i protest mot Floyds daud, medan berre 200 markerte seg mot islamisten som drap læraren Samuel Paty i Paris. Læraren hadde vist fram teikningar av profeten, Muhammed.

Floyds daud førte til fleire måndader med protestar og vald over heile verda. Dette til tross av Floyds daud skjedde som uhell av ein ukyndig og brutal politimann, som seinare vart sikta for drap.

I Frankrike var halshogginga av ein lærar – som hadde førelest om ytringsfridom – ikkje eit uhell.

Rossavik skriv at Paris er like viktig som Minnapolis, og at ytringsfridom er grunnlaget for andre fridomskampar, inkludert kampen mot rasisme.

Han viser til karikaturstriden som starta i 2005, der mange muslimar raste mot teikningar av Muhammed i ei dansk avis. Rossavik meiner at store delar av venstresida kjøpte at desse teikningane var «angrep» på muslimar, og at dei ikkje var religionskritikk, og plasserte muslimar i ei offerrolle.

Venstresida har slik vore med å styrkja dei mest reaksjonære kreftene i islam; dei som brukar religion til å undertrykkje kvinner og homofile, og til å grunngje eller forsvare vald.

Fleire reagerer på at mange i Noreg vart oppbrakt over drapet på Floyd, men sit stille når europearar ved halshogde i Frankrike, eller når det skjer terrorisme i Austerrike. Ingen tek til gatene eller protesterer slik som med Floyd.

Sjølv i dag hevdar folk på venstresida at det er «ulovleg» å henge opp satirebilete av Muhamed, som tilfella i Røros og Bergen.