Gap opp, Adolf! Peskovs dotter delte bilete av Hitlers tenner på Instagram

    Adolf Hitler på Berghof nær Berchtesgaden i Bayern. Foto: Bundesarchiv/CC BY-SA 3.0 DE.
    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Dottera til Dmitrij Peskov la ut eit bilete på Instagram som viser Adolf Hitler og Eva Braun sine tenner. Desse er lagra i FSB (tryggleikspolitiet, red. anm.) sine arkiv i Moskva.

    Faren hennar har vore den russiske presidentens talsmann sidan 2012, og det er dottera, Elizaveta Peskova, som la ut bileta på sin populære Instagram-konto. Ho skriv at det var hennar venn og historikar Pierre Malinovsky som spurte om å få sjå tennene.

    «Tru det eller ei, han fekk tillatelse til å besøke ein av dei mest interessante og hemmelege bygningane i landet», skreiv Peskova på Instagram-kontoen sin.

    Ho skriv vidare det var utført DNA-analyse i 2018 av den franske rettsmedisinaren Philippe Charlier, som stadfesta at det er tennene til Hitler og Braun som ligg arkivet.

    Charlier har tidlegare undersøkt levningane etter Rikard Løvehjarte og dei falske relikviene av Jeanne d’Arc.

    View this post on Instagram

    Как ни странно, во многих странах, в том числе и во Франции, до сих пор встречается псевдоисторики, оспаривающие факт смерти такого человека, как Адольф Гитлер в 1945 году. Точнее, его вряд ли можно назвать человеком. ⠀ Мой друг и коллега Пьер Малиновский, живущий историей, давно хотел в этом разобраться. Он обратился в архив ФСБ с просьбой показать ему соответствующие документ и артефакт. Не поверите – ему разрешили посетить одно из самых интересных и секретных зданий в стране. ⠀ Благодаря финальному анализу ДНК, проведённому в 2018 году французским антропологом г-ном Шарлье, мы смогли удостовериться в том, что останки Гитлера и Евы Браун находятся в секретных архивах ФСБ.

    A post shared by Elizaveta Dmitrievna (@lisa_peskova) on

     


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.