Sju år sidan bussulukka i Fardal


I dag er det sju år sidan bussulukka i Fardal i Sogndal kommune, der to kvinner i 20-åra omkom. 

Det var ein norsk rutebuss og ein svensk turistbuss som kolliderte på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. Strekninga hadde svært stor trafikk den tida sidan Gudvangatunnelen var stengt på grunn av tunnelbrann.

Sjå video: Tunnelbrannen i Gudvangatunnelen, 30. mars 2019

Vegstrekninga der ulukka skjedde er smalare enn vanleg vegbreidd. Nokre år seinare etter ulukka vart det satt opp vegskilt om innsnevring på begge sider.

Den utanlandske bussjåføren fekk skulda for hendinga, og vart dømd til fengsel i fem månader tross tvil. I tillegg måtte han betale 525 000 kroner i oppreisning til omkomnes etterlatne og til to passasjerar som vart skadde i ulukka. 

Vart nekta anke

Då den svenske bussjåføren ville anke saka i Sogn tingrett fekk han ikkje det. Anken vart sendt på e-post frå advokaten til tingretten i form av skanna ankeerklæring. Denne vart avvist som for seint framsett, med påstand om at orignaldokumentet vart ettersendt for seint. Bussjåføren nekta skuld under rettsaka.