Telenor får 1,2 milliardar kroner i bot for misbruk av marknadsmakt


Dårleg konkurranse i mobilmarknaden gjer at du får små og dyre datapakkar.

I Finland kan ein få ubegrensa datapakkar for under 250 kroner per månad. I Noreg får du berre 1 eller 2 GB til same pris [med Telenor Yng]. Telenor opererer fortsatt med datapakke på 0,5 gigabyte [kontantkort] og kundar får ikkje fylle på meir data. Tvert om vert kundane flådd.

Slik har det vore i meir enn 15 år, og det er forbrukarane som sit att med svarteper, år etter år.

Les også: Mobil-flådd: Britiske Three tilbyr billigare datapakke enn Telenor

Grafen har tidlegare skreve om korleis forbrukarorganisasjonar og politikarar etterlyser handling frå styresmaktene for å få til reell konkurranse i mobilmarknaden.

No har EFTAs overvakingsorgan ESA gjeve Telenor ei bot på 1,2 milliardar norske kroner for å ha misbrukt marknadsmakt til å presse marginane hjå andre operatørar.

For to år sidan, i 2018, fekk Telenor bot på 788 millionar kroner av Konkurransetilsynet for å ha misbrukt sin domminerande stilling.

Grafen skreiv den gang i kommentar at 788 millionar kroner er småpengar å rekne for ein telegigant som Telenor, og at gebyret må vera på mellom fem og ti milliardar kroner for å motivere til reell konkurranse i mobilmarknaden.

I følgje ESA misbrukte Telenor posisjonen sin i 2008-2012 til å prise tenester slik at utfordrarane ville tape pengar på å selje mobilt breiband.

Telenor skapte ein «marginskvis» som førte til at utfordrarane som var avhengige av å kjøpe grossistiltgang i Telenor sitt nett tapte pengar. På den måten begrensa Telenor konkurransen i den raskt veksande marknaden for mobilt breiband. Resultatet ser vi i dag.

Frank J. Büchel, som har ansvar for konkurransesaker i ESA seier i eiga pressemelding at den dominerande stillinga til Telenor gir dei eit særleg ansvar for å leggje til rette for konkurranse.

Brotet på konkurransereglene kan også føre til erstatningssøksmål frå utfordrarane.

Kommunikasjonssjef i Telenor, David Fidjeland, seier til Grafen at dei er «svært overraska» over vedtaket og storleiken på bota, og at dei no vil gå grundig gjennom vedtaket og førebu saka for vidare handsaming i EFTA-domstolen.

Fidjeland seier Telenor ikkje har motteke erstatningssøksmål enno.

Konkurransetilsynet: – Har ikkje nokon pågåande sak mot Telenor no

Avdelingsdirektør Gjermund Nese i Konkurransetilsynet seier til Grafen har tilsynet ikkje har nokon pågåande sak mot Telenor no, men legg til at Telenor som dominerande selskap har eit særleg ansvar for å ikkje føreta seg noko som begrensar konkurransen.

– Konkurransen i den norske mobilmarknaden burde vore betre og Konkurransetilsynet følgjer nøye med på denne marknaden, seier Nese.

Han viser til saka i 2018 der Telenor fekk bot på 788 millionar kroner, og at bakgrunnen for denne var at Telenor la hindringar i vegen for utbygging av det tredje landsdekkande mobilnettet.

– Nettopp mangelen på eit slikt tredje mobilnett er ein stor utfordring for konkurransen i marknaden, seier Nese.