Koronamillionar til anleggsbransjen – Fodnestunnelen vert stengt i august

Foto: Karen Blaha/CC BY-SA 2.0.

Regjeringa har løyvd 430 millionar kroner som koronastønad til anleggsbransjen. Millionane er meint å gje sysselsetting utover hausten. Av konkrete tiltak i Indre Sogn er det Fodnestunnelen som får 1,3 millionar kroner.

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Per Ove Fossheim, seier til Grafen det er planlagt spettreinsk og bolting i tunnelen.

– Arbeidet startar opp etter at den største ferietrafikken har gitt seg, truleg i løpet av august/september.

Fossheim seier arbeidet som er planlagt vil vare om lag 14 dagar, og blir utført som nattarbeid.

I tillegg er det sett av 22 millionar kroner til dekkelegging i regionen, som betyr asfaltering nokre stadar.

Rv5 Bondeviki-Fardal vart fresa opp, merkt med kvitestripe, og forlatt. Slik har den stått i snart eitt år. Foto: Grafen.

– Eitt år med austeuropeisk vegstandard

Ei av strekningane der det kjem ny asfalt er på Rv5 Bondeviki-Fardal som vart fresa opp i byrjinga av september 2019.

Årsaka til oppfresinga var i følgje seksjonsleiar Eivind Yttri mykje sporing og vatn som la seg.

I staden for å leggje nytt dekke der og då, må sogndølene køyra på ruglete og humpete veg fram til august i år, om alt går etter planen.