Arve Uglum vert redaktør i Sogn Avis


Arve Uglum (45) frå Sogndal vert ny redaktør i Sogn Avis. Han er kjent som reporter for Nrk Sogn og Fjordane og Vestlandsrevyen, og programleiar i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Uglum seier til Grafen at redaktørjobben er den mest spennande mediejobben i Sogn, og er eit stort høve til utvikling for seg sjølv.

– Eg har vore i Nrk lenge og har tenkt på å finne på noko nytt. Planen var noko nytt i Nrk, men då samtalane med Amedia kom i gang var Sogn Avis veldig freistande, seier han.

Fotball-VM og Nrk-serie

Då Grafen spør om dei tre viktigaste sakene han har dekka eller skrever om, svarer Uglum at det er eit vanskeleg spørsmål.

– Eg har gjort veldig mykje ulikt på 21 år i Nrk. Fotball-VM og OL er svært, men vi kan vel ikkje kalla det ei sak, spør han.

Han viser vidare til over 30 episodar med Nrk-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», som også er litt stort.

Av lokale ting meiner han at Lærdalsbrannen stikk seg ut.

Makta flytta til Bergen

Grafen lurer også på kva tema og områder som er underdekka av media i Indre Sogn.

Uglum vil ikkje kalle det underdekka, men meiner at høgskulen er vanskeleg å laga stoff på no, fordi makta og leiarane er flytta til Bergen.

Han meiner også det er ein viktig del av samfunnsoppdraget for alle medier og avdekke misbruk av offentlege midlar og sløsing. Dette skal dei arbeide med etter journalistisk metode.

– Kan du gje dømer på vanskelige og tabubelagte debattar her i Indre Sogn?

– Det er slikt eg driv og tenkjer på no, fram mot oppstarten min rundt 1. november. Eg har med andre ord litt tenketid, og den håpar eg å få nytte av, seier den nye redaktøren.