Stanford-professor Michael Levitt: Viss Kina forfalska statistikk måtte dei hatt ei tidsmaskin


Stanford-professor Michael Levitt seier til RT at Kinas statistikk for covid-19 er påliteleg, og at nedstenging av samfunna rundt om i verda ikkje har hatt nokon stor betydning.

Levitt utfordrar trua på at global nedstenging har hjelpt å bremse spreiinga av koronaviruset. I følgje han har det ikkje mykje å seie. Professoren har tidlegare fått nobelpris i kjemi.

Han meiner det er ingen grunn til å tru at Kina sin statistikk er feil. Den korresponderer med dynamikken som er observert andre stader, over heile verda.

– Det som skjedde i Kina utanfor Hubei har akkurat same kurver som det som skjedde i New Zealand, seier Levitt.

– Viss Kina forfalskar statistikk måtte dei hatt ei tidsmaskin, seier han.

Han meiner at den globale nedstenginga ikkje er effektivt. Viruset hadde allereie spreidd seg før nedstenginga tredde i kraft, og i mange land følgjer ikkje folk reglane om karantene.

Levitt seier at den beste strategien for regjeringar ville vore å fokusere på å beskytte den eldre delen av befolkninga, og la dei andre bevege seg fritt.

– Koronaviurset ser ut til å vere sterkt begrensa. Det forårsakar mellom 500 og 1000 dødsfall per ein million borgarar, og så stoppar det. Dette har vi sett mange stadar seier han til RT.

Les også: Anbefalte ikkje beskyttelsesutstyr – No risikerer han straff

Levitt viser til Sverige som har fått mykje kritikk for sin laissez-faire strategi [«lat det være»-strategi, red. anm.]. Likevel er Sverige på gjennomsnittleg nivå i Europa.

– Sverige ligg bak dei verst trefte nasjonane, slik som Storbritannia og Belgia. Dei hadde ein mykje mildare nedstenging enn andre land. Det vart spådd at Sverige ville få rundt 60 000 dødsfall, men det ser ut til at dei endra på rundt 6000, sa Levitt.

Sjå heile intervjuet her.