Riksveg 5 på Kaupanger mellom Shell og Vesterland skal utvidast i breidda


I oktober byrjar arbeidet med utviding av vegen mellom Kaupanger og Vesterland. Det melder Veier24.no

Konkurransen vart utlyst 20. mai på Doffin, og verdien på kontrakten er 22 millionar kroner. 

Den gjennomsnittlege breidda på strekninga er i dag 7,2 meter der variasjonen ligg mellom 6,8 meter og 7,4 meter. I alt skal 1600 meter veg utbetrast.

Passeringslomme ved avkøyring til industrifeltet

Det skal etablerast forsterka sider og midtoppmerking. I tillegg skal det gjerast tiltak på sideterreng i form av sprenging av knausar, graving og planering, skogrydding, drenering og lukking av bekkefar inn mot vegen. 

Det skal også etablerast ei passeringslomme ved avkøyringa til industrifeltet. Dei eksisterande busslommene i krysset skal fjernast og nye skal etablerast. Det skal også byggjast gang- og sykkelveg til industrifeltet og fram til busslomme.

Avkøyringa til industrifeltet får passeringslomme. Foto: Google maps.

Det er venta at arbeidet tek til i oktober i år og skal vera ferdig til 16. juni 2021. Det skal vera tilbodskonferanse i Kaupanger 3. juni.