Unge Venstre-nestleiar vil ha strengare språklov


Ane Breivik, 1. nestleiar i Unge Venstre, håpar sentralstyret vedtek kompetansekrav til begge målformer og sanksjonar for brot på språklova. Det skriv Framtida.no.

Det var tysdag i førre veke at kulturministar Abid Raja (V) fremja forslag til ny språklov. Framlegget skuffa mange fordi det ikkje er offensivt nok med tanke på styrking av nynorsken.

No har ho sendt ein uttale med tre framlegg til handsaming i sentralstyret med ynskje om ein strengare språklov. Dei tre framlegga er:

  • Lovfeste at statleg tilsette må kunne begge målformer
  • Innføre strengare språkkrav på eit fylkeskommunalt nivå
  • At brot på språklova skal medføre sanksjonar

Breivik håpar at både ungdomspartiet og moderpartiet vil stilla seg bak framlegget.

Fryktar omsetjingstenester

Også Norsk målungdom har reagert på den nye språklova. Leiar i Målungdomen, Gunnhild Skjold, sier til Framtida.no at dei er glade for at det er innanfor eige parti at folk ser at lova ikkje er tydeleg nok.

Skjold fryktar at svekt kompetansekrav kan føre til at statlege organ då heller kjøper omsetjingstenester, framfor at tilsette kan målformene.