Regjeringsadvokaten og oljefond-Tangen var forlovarar for kvarandre og fadrar for kvarandre sine born


Påtroppande sjef for oljefondet Nicolai Tangen (54) betalte fleire titalls millionar kroner for ein heisatur til USA i fjor for ei rekkje norske samfunnstoppar, og har skapt debatt.

Tangen spanderte private jetfly frå Europa og langweekend på Hilton-hotell, og ein privat konsert med Sting. Ein konsert som kosta 9 millionar kroner.

Seinare har det vorte stilt spørsmål ved om USA-turen har påverka tilsetjinga av han som sjef for oljefondet. Britiske Financial Times skriv at det norske oljefondet er rysta av ein utgiftsskandale.

Investor Øystein Stray Spetalen hyllar derimot oljefondets nye sjef:

– Vi kunne neppe fått ein betre arvtakar etter Knut N. Kjær og Yngve Slyngstad som leiar av oljefondet. Her snakkar vi ikkje Tippeligaen. Vi snakkar om sluttspelet i Champions League. Og Tangen er ingen jålebukk. Han er heil ved. Det er ikkje noko tull med han, sa Spetalen til Børsen.

Blant deltakarane på seminaret var regjeringsadvokaten Fredrik Sejersted og avtroppande sjef for oljefondet, Yngve Slyngstad.

Regjeringsadvokat Fredrik Sejersted seier dei har vore forlovarar for kvarandre, og fadrar for kvarandre sine born. Foto: Bernt Sønvisen/CC BY-ND 2.0.

Sejersted: – Nær venn gjennom 34 år

Grafen har forelagt regjeringsadvokaten denne påstanden:

Fleire meiner at Tangen er ein type person som brukar pengar for å skaffe seg sjølv anerkjennelse og beundring, og brukar pengar for å imponere andre, og strevar sjølv heile tida etter å vere midtpunktet.

Sejersted svarer at:

– Eg er heilt ueinig i omtalen. Eg har kjent Tangen som ein nær venn gjennom 34 år. Slik eg kjenner han, er han ein usedvanleg heilstøypt, reflektert og samfunnsbevisst person.

– Han har gjort stor karriere i internasjonal finans, men pengar har aldri i seg sjølv vore drivkrafta. Og fram til han vart utnevnt som påtroppande sjef for oljefondet, har han ikkje søkt offentlegheit og anerkjennelse, men snarare helde ein ganske låg profil.

Korleis tolkar du eigen opptreden i forhold til dei etiske retningslinene for statstenesten?

– Min opptreden i denne saka, er at eg deltok på seminaret som Tangen arrangerte i Philadelphia, og leia eit panel der. Det gjorde eg i eigenskap av privatperson, etter invitasjon frå Tangen, og legg til:

– Vi er nære venner, og har vore forlovarar for kvarandre, og fadrar for kvarandre sine born, seier Sejersted til Grafen, og at invitasjonen gjekk ut langt i førevegen, til det som først framsto som ei privat arrangert fagleg langhelg på universitetet i Philadelphia, med ei lang rekkje interessante føredragshaldarar, og eit breidt tverrfagleg program.

– Spørsmålet for meg den gang var om eg kunne ta imot ein slik invitasjon som privatperson, frå ein nær venn, sjølv om eg er regjeringsadvokat. Det vurderte eg, og kom til at det måtte vere greitt. Det er ein vurdering eg står for, og kan ikkje sjå det i strid med dei etiske retningslinene for statstenestemenn, seier han.

På spørsmål om han vil gå av eller trekke seg som regjeringsadvokat, seier Sejersted kontant nei.

Korleis vurderer du eigen dømmekraft i denne saka?

– Då eg fekk denne invitasjonen, var spørsmålet som sagt om eg kunne ta den imot som privatperson, frå ein nær venn, sjølv om eg er regjeingsadvokat. Det vurderte eg den gang og kom til at det måtte vere greitt. Det er ein vurdering eg fortsatt står for.

– Så har eg forståelse for at det har blitt diskusjon om dette i ettertid, særleg etter at Tangen seinare vart aktuell som ny sjef for oljefondet. Men det var etter kva eg veit ikkje noko tema på tidspunktet for seminaret, avsluttar Sejersted.

Tangen: – Ein hugsar sitt første kyss og sin første kunde

I eit intervju med Formuesforvaltning i fjor sa Nicolai Tangen at hedgefondet AKO Capital analyserer leiarane sin oppførsel: om leiarane brukar lange og kompliserte setningar, om det er mykje snakk om framtida og lite fokus på fortida.

«Ein hugsar sitt første kyss og sin første kunde», sa Tangen i intervjuet med Formuesforvaltning, som også var AKO Capital sin første kunde under oppstarten i 2005.

I følge Formuesforvaltning har investorar i det europeiske fondet som har vore med sidan oppstarten til no hatt ein samla avkastning på 233 prosent, noko som er ein utklassing målt mot den samanlignbare europeiske indeksen, MSCI Europa, som i same periode steig med berre 67 prosent.

– Nokre år handlar det om å tjene pengar og andre år handlar det om å ikkje tape pengar. I starten av fjoråret [2018, red. anm.] trudde vi at året skulle handle om å tjene pengar, men ettersom året sklei fram forstod vi at det eigentleg dreidde seg om å ikkje tape pengar, sa Tangen til forvaltningsselskapet.

Ei avdeling i AKO Capital som går under namnet «Behavioural Assessment Unit» skal ha vore leia av ein tidlegare politietterforskar med 30 års erfaring.

Tangen seier i kommentar til Grafen at avdelinga i starten vart leia av Laurence Henry Carr, som var ein av Englands leiande etterforskarar og også var ansvarleg for å utarbeide avhøyrsprogrammet for det engelske politi.

– Avdelinga er no leia Caterina Paolazzi som har universitetsgrader i Computational linguistics [datalingvistikk, red. anm.] som går ut på å analysere språk ved hjelp av software programmer. Ho har eit team med Forensic Linguists som arbeidar for seg, seier Tangen til Grafen.

Datasystemet skal analysere om leiarane endrar språket sitt frå kvartal til kvartal. Faresignal kan blant anna vere lange setningar, eit skifte av pronomen frå eg til vi, og kor mykje leiinga snakkar om framtid versus fortid.

I følgje Formuesforvaltning ringer AKO Capital heilt ned på butikknivå når dei analyserer eit selskap, for å kartleggje mellom anna korleis kineserar handlar meir eller mindre luksusvarer.

– Vi har meir enn 10 000 datapunkt som vi har putta inn i eit system som vi analyserer. Det gjer vi for å ungå at vi ikkje blir ein saktekokt frosk som ikkje hoppar ut av gryta, sa Tangen til forvaltningsselskapet.

Registrert på Caymanøyane for å unngå dobbeltbeskatning på fondsnivå

I eit lesarinnlegg til NRK i 2016 skriv Tangen eit tilsvar til Klassekampen-journalist Halvor Fjermeros at AKO Capitals fondsselskap er registrert i såkalla offshore-jurisdiksjonar for å sikre at investorar som bur i utlandet unngår dobbel og trippel beskatning.

I følgje Tangen skal nær 70 % av alle britiske fondsforvaltningsselskaper vere registrert slik.