Pressegeneral om Resett-intervju: – Kunne vore publisert mange stadar og er gjennomført etter vanlege standarder


Elin Ørjasæter er norsk forfattar, føredragshaldar og dosent ved Høgskulen Kristiania i Oslo, der ho underviser i personalleiing. For ikkje lenge sidan vart ho intervjua av nettavisa Resett.

Då høgskulen seinare delte intervjuet på sin eigen Twitter-konto med link til Resett, skapte det reaksjonar i den politisk korrekte delen av media, og fleire kom med negative kommentarar, noko som seinare førte til at høgskulen sletta meldinga.

Faksimile frå Twitter-meldinga til Høgskulen Kristiania.

Intervjuet med Ørjasæter dreidde seg om koronaviruset og korleis fagfolk, styresmakter og vanlege folk har reagert på den spesielle situasjonen vi opplever.

I Resett-intervjuet var ho spesielt kritisk til hytteforbodet og måten stortingspresidenten opptredde på.

– I eit menneskerettsperspektiv er det kraftig kost å nekte folk å bruka eigen eigedom. Når stortingspresidenten på moralsk grunnlag fordømmer folk som klagar på det, så tykkjer eg det er skremmande tendensar, sa Ørjaseter i kommentar til Resett.

– No har mange akademikarar stilt seg i kyrkja si historiske rolle og brukar tida til å utpeike kjettarar og lyse folk i bann, meiner Resett-redaktør Helge Lurås

Lurås seier i kommentar til eiga nettavis at betydelege delar av norsk akademia er prega av fordommar og ekskluderande og diskriminerande tankegang, og at dei [samfunnsfaglege miljøa] skremmer eigne ansatte frå tenkja nytt og kreativt.

Han viser vidare til tida han arbeida på Norsk utenrikspolitisk institutt [NUPI].

– Mange akademisk tilsette er meir opptekne av å bevare eigne privilegie og hegne om førutgåande konsensus enn å faktisk stimulere seg og sine studentar, seier han.

Han påpeikar også at Resett vart etablert fordi norske medier kun slapp til middelmådige forskarar som ikkje forstod kva som rørte seg i USA og Storbritannia då Brexit og Donald Trumps siger utfalda seg.

– Idealet i vitskapen var ein gang å stilla spørsmål og søkja svar. No har mange akademikarar stilt seg i kyrkja si historiske rolle og brukar tida til å utpeike kjettarar og lyse folk i bann. At dei ikkje ser ironien i det, er eit trist vitnesbyrd om kva miljø som no styrer utdanninga til våre unge, avslutta han.

Generalsekretær i Norsk Redaktørforening: – Bekymra dersom det skal bli slik at personar i ulike posisjonar berre skal la seg intervjue av medier som dei sjølv eller deira arbeidsgjevar er «einige» med eller som representerer det breie og politisk korrekte

Grafen har spurt Arne Jensen som er generalsekretær i Norsk Redaktørforening om det er rett at høgskulen slettar eit intervju berre fordi høgskulen ikkje vil bli «assosiert» med Resett.

Jensen seier at høgskulen sletta sin eigen tweet, der dei viste til intervjuet. Han har ingen formeining om det var rett eller ikkje å slette den:

– Det får vere høgskulen sitt frie val kva dei ønskjer å twitre om og kva dei eventuelt angrar på at dei har twitra om, seier han.

Han meiner det ikkje er noko å utsetje på intervjuet med Elin Ørjaseter.

– Dersom du spør om det er noko etisk, eller for den saks skuld juridisk, å utsetje på intervjuet med Elin Ørjasæter hjå Resett, så er mitt klare svar nei.

– Dette er eit intervju som kunne vore publisert mange stadar og som er gjennomført etter vanlege standarder for denne typen intervju. Eit heilt OK stykke journalistikk, seier Jensen.

Grafen har spurt om det er greitt om slike haldningar utbreier seg: at personar eller organisasjonar ikkje vil stilla til intervju eller bli assosiert med dømevis VG eller NRK.

Jensen seier at han er bekymra dersom det skal bli slik at personar i ulike posisjonar berre skal la seg intervjue av medier som dei sjølv eller deira arbeidsgjevar er «einige» med eller som representerer det breie og politisk korrekte.

– Eg trur på meiningsmangfald og mediemangfald, og er tilhengar av at personar med faglege eller andre posisjonar som er sterke meiningsbærarar let seg intervju og formidlar sine synspunkt via mange forskjellige medier og kanalar, avslutta Jensen.