Åtvarar mot å installere Folkehelseinstituttet sin korona-app på mobiltelefon


Advokat Jon Wessel-Aas reagerer på manglende openheit og flere val teke av Folkehelseinstituttet (FHI) og firmaet Simula, skriv NRK Beta.

Det vart i førre veke kjent at Simula i samarbeid med FHI skal utvikle ein app for mobiltelefon i kampen mot koronavirus. Appen som ikkje er ferdig enno, skal automatisere delar av smitteoppsporingsarbeidet som i dag vert gjort manuelt. I tillegg skal den måle effekten av ulike tiltak på befolkningsnivå.

Data som vert samla inn skal vera lokalisasjonsdata fra personer og og andre brukarar i nærleiken ved hjelp av blåtann-teknologien, som er mykje brukt å trådlause tastatur og hovudtelefonar.

Wessel-Aas er svært kritisk til FHI og Simula sitt førebelse arbeid med appen.

– Eg vil eigentleg ikkje tilrå nokon å bruke appen slik den er no. Dessverre, seier han til NRK.

– Det har særleg betydning for dei som arbeidar med kildevern, som journalistar, eller dei med teieplikt, slik som advokatar. Det bør i alle fall gjere at ein reflekterer over kva ein gjev frå seg, seier han.

Førebels har prosessen rundt appen vore lukka, og den er utvikla på lukka programvarekode. I følge advokaten er det teke beslutningar som gjer appen meir inngripande enn den hadde trengt å vere.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.