Firda-journalist i porno-photoshop gjekk viralt på Facebook

    Faksimile: Firda/Facebook.

    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.
    Faksimile: Firda/Facebook.

    Firda-journalist Ivar Bruvik Sætre har fått uventa respons på eit blogg-innlegg om erfaringar frå heimekontor, som han delte i avisa.

    «Eg trudde eg skulle gå på heimekontor-veggen. No likar eg meg. Her er seks tips»
    – Tittel på innlegget i Firda

    Det viste seg at dette gjekk viralt på Facebook, etter at nokon med gode Photoshop-kunnskaper har lagt inn fullskjerm-pornografi i eine skjermen, og ei åtvaring om oppussing og bratte skiturar i den andre.

    I forgrunnen sit journalisten med eit oppglødd blikk, som understrekar at han likar seg.

    I følgje skjermbildet vart innlegget publisert på heimesida til Firda klokka 04:55 om natta den 27. mars. Grafen har ikkje lest innlegget då det krev abonnement, og kan såleis ikkje stadfeste om klokkeslettet er rett.

    Grafen har gjort fleire forsøk på å få kommentar frå Ivar Bruvik Sætre til saka, men han har ikkje svart. Det har heller ikkje redaktør Kai Aage Pedersen. Men kven veit, kanskje er Firda-redaktøren oppteken med heimekontor?


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.